søndag 30. august 2009

Demonske trailararar

Ein mann sprang omkring i restauranten med ein cd. Han fann nokon frå betjeninga, forklarte og gestikulerte. Like etter ljoma "Gratulerer med dagen" ut på eit framandt språk.
Nestan alle i restauranten byrja å synga med. Mannen gjekk bortover med ei kake med lys på, og bort til ein liten gut. Guten smilte. Folk jubla. Mannen med cd og kake var stadig like energisk.
Heile hotellet var fullt av dette folket som kom langvegsfrå. Dei kom frå eit land ein stad i sør. Dei hadde reist så langt nord dei kunne. Ville sjå korleis det såg ut. Dei valsa inn og ut i tjukke skuterdressar og hjelmar, etter ein skutersafari ute i villmarka. Og dei snakka høgt og mykje. I kontrast til den stille betjeninga, med det meir arktiske lynnet. Og i kontrast til oss to, som var trøytte og svoltne.
Alt var i grunn rart for oss. Å koma inn i det nye landet med det stille folket. Som serverte mat til det energiske folket.
Så ljoma "Gratulerer med dagen" igjen. På det framande språket.
Og innan me hadde byrja på desserten, kom den endå ein gong. Mannen med cd og kaker hoppa og spratt omkring. Alle ropa og var glade. Det var så mange av dei at tre menneske i flokken kunne ha geburtsdag samstundes. Betjeninga stod ved veggane og var like tause.

Neste morgon.
Lufta utanfor hotellet var innlandskald og bitande. Lett snø dalte sakte ned. Bilen hadde varma seg heile natta ved hjelp av ein motorvarmar. Eg såg at bilen var baktung, der den stod overfylt og med tilhengar. Eg flytta nokre av dei tyngste sakene og klarte å balansera vekta sånn nokonlunde.
Bilen starta kvikk og nøgd. Snøen knirka under bildekka då me kom i rørsle. Så var me ute på vegen igjen. Kom inn i det jamne tempoet, mil etter mil.
Me hadde ikkje kjent etter. Korleis det var å flytta. Alt ståket. Seia opp jobben. Finna nye jobbar. Sal av gard og grunn. Kjøp av noko nytt. Bera og bera på saker som skulle flyttast. Og så kom dagen då alt var klart. Då me sleit oss laus og berre køyrde. Me flytta. Ikkje fordi me ville. Men fordi me måtte. Det hadde vore ein avskjedsmiddag kvelden før. Nokre av venene våre hadde stelt det i stand. Tidleg på kvelden takke me for oss. Prøvde å gjera avskjeden så kort som mogleg. Me starta lengst oppe i nord. Og køyrde langt mot sør. Mil etter mil drog me lenger og lenger bort. Men me kjende ikkje etter.
Ein trailer svinga ut like framfor oss. Hadde eit digert lass med tømmer på hengaren. Det virvla opp store mengder med snø bak den, slik at sikten blei dårleg. Eg våga ikkje å køyra forbi. Sakka ned på farten. Me drog ut av det framande landet. Og inn i eit nytt og nestan like framandt. Vegen blei breiare. Trafikken tettare. Men traileren var der like forbaska framfor oss, i time etter time. Som ein demon leda den vegen me ikkje kunne koma unna.
Det mørkna. Og det slo om til mildvær. Vegen var salta. Svart snø, salt og eksos klistra seg på frontruta. Vindaugsviskarane og spylevæska jobba energisk og prøvde febrilsk å fjerna det. Det stinka i bilen vår. Av svart snø, eksos og spylevæske. Fleire trailarar dukka opp på vegen framfor oss. Alle var like svære. Alle køyrde like seint. Og alle virvla opp like mykje søle og skitt. Ho var stille der ho sat ved sida mi. Strauk seg litt over magen av og til. Ryggen min verka. Augene svei. Eg såg ikkje kor vegen bar. Men det var ingenting anna å gjera enn å følgja trailarane vidare på vegen sørover.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar