søndag 22. august 2010

Frøet

Eg såg ut over hagen. Eg undra meg over alt som kunne veksa der. Eg kjøpte små tre. Som skulle få fram epler. Pærer. Moreller. Eg gravde fleire hol. Satte små bringebærbuskar i dei. Gleda meg til at frukten skulle koma.

søndag 15. august 2010

Urskogen

Same kor langt me hadde kome. Så skjøna eg at det var mogleg å gå endå lenger inn.
Naboen hadde helsa på oss ein av dei fyrste dagane me kom. Ynskt oss velkomen. Og fortalt oss at ein stad, langt der inne, var sjølve urskogen.

søndag 1. august 2010

Djupare inn

Han, den bortkomne var med på turen. Det var ikkje så ofte eg såg han. Men denne gong var han med og traska innover. Han sa ikkje så mykje. Det gjorde ikkje eg heller.