søndag 22. august 2010

Frøet

Eg såg ut over hagen. Eg undra meg over alt som kunne veksa der. Eg kjøpte små tre. Som skulle få fram epler. Pærer. Moreller. Eg gravde fleire hol. Satte små bringebærbuskar i dei. Gleda meg til at frukten skulle koma.
Eg slo plenen. Sørga for at graset låg jamnhøgt over det heile. Hindra små vekster i å bli store. Viss eg ikkje gjorde det ofte, ville heile hagen bli overgrodd av lauvskog på kort tid. Ved innkjørselen luka eg bort ugras. Reiv opp små grastustar. Prøvde å få dei opp med rota. Naboen ga meg lov til å saga ned ein liten skog med lauvtrær nedanfor vegen. Det kunne bli fin ved for vinteren. Og naboen ville gjerne få trea vekk, sidan dei hindra utsikten. Det var rart. Så mykje styr. Ein evig kamp for å styra kva som skulle veksa kor og korleis. Og viss eg ikkje stod på, ville kampen vera tapt fort. Alt vaks og vaks nærare og nærare innpå. Eg plukka meir ugras ved innkjørselen. Men det hjalp så lite. Meir av ugraset vaks like fort opp. Det gjekk mot slutten av sommaren. Små frø i hopetal segla omkring. Kjempa for å spreia genene til modertrea. Det hang ei tjukk, våt lukt av råtne planter i lufta. Likevel berre vaks alt mogleg vidare.
-Kor har du vore, spurte kona mi.
-I skogen, svara eg.
-Heile sommaren, spurte ho.
Eg svara ikkje og plukka meir ugras.
-Du bryr deg ikkje om meg, sa ho.
-Det gjer eg vel, svara eg.
-Kan du ikkje gi meg og barnet i magen min litt meir merksemd?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar