torsdag 30. desember 2010

Elektroniske ting


Det var ei anna side ved dette kjøpesenteret. Det hadde ei mengd med forretningar som selde elektroniske duppedingsar og ting.
Og eg elska kvar einaste, vesle duppedings eg kunne sjå. Stadig var det noko eg fann ut at eg trengte. Anten ein ny duppedings. Eller noko til duppedingsen. Ein kabel eller noko anna. Eg hadde god tid. Bussen skulle ikkje dra før om ei stund. Så eg gjekk omkring og leita etter noko nytt til duppedingsen min. Forretningane skein og lyste mot meg. Nystrigla, unge menn med raude v-gensrar stod på rekke og rad og venta på å lura nokon.
Men det var endå ei anna side ved dette kjøpesenteret. Det var ein type menneske som ikkje hadde gjort forsøk på å omstilla seg til nye krav om fancy klede og hårfrisyrar. Det var alle dei pensjonerte, tidlegare bøndene som ikkje hadde anna lurt å gjera enn å gå på kjøpesenteret, dei òg. Breie og bestemte stod dei ved diskane, med gråe jakkar og sixpence på hovudet.
Eg fann ei forretning som kanskje hadde det eg leita etter. Men ein av desse pensjonistane stod i vegen.
-Men åssen skal jeg få tak i flere sånne kamerapiksler, da?
Eg såg kor det bar hen og snudde i døra. Gjekk vidare. Fann ei ny forretning. Og jammen stod det ikkje endå ein slik pensjonist med grå jakke ved disken.
-Men åssenee, åssenee...
Eg snudde igjen. Leita vidare etter ei ny forretning. Fann den omsider. Her måtte dei vel ha det eg leita etter...fan...her stod det ikkje berre ein, men tre slike pensjonistar. Den eine av dei hang med albogane godt planta over disken. Baken hans tok opp resten av plassen. Han såg litt på skrå opp og tenkte hardt.
-Breeeeebånd????? spurte han.
-Ja, det anbefaler eg. Det er lenge sidan me slutta å selgja isdn-apparat, svarte den unge butikkmannen med raud v-genser.
Augene mine byrja å leita etter ein kafè.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar