søndag 12. desember 2010

Jobb på kvelden


Eg hadde ringt heim. Spurt om det var greit at eg jobba litt lengre. Ho hadde akseptert det, men likte det ikkje. Ei vaskedame kom inn. Tørka litt støv her og der. Men unngjekk den rotete pulten min.
Eg følte at eg etterkvart blei betre kjent med vaskedamene enn med dei andre på jobben.
Rommet var så stille på denne tida. Eg høyrde berre sus frå røyr og ein stille klang.
Det var vanskeleg dette. Å ha ein ny jobb. Alt det nye eg måtte setja meg inn i. Alt gjekk så mykje seinare. Samstundes som eg hadde eit intenst behov for å ha full oversikt. Ned til den minste detalj.
Eg prøvde å jobba. Det var så mykje ugjort som låg føre meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar