lørdag 26. mars 2011

Betre


Eg hadde overlevd. Og livet var ikkje så verst, i grunnen. Eg hadde vent meg til at jobben og resten av verda fekk segla sin eigen sjø. Det var ein rusande tanke. Å berre ta omsyn til seg sjølv.
Formen var ganske bra. Men eg skulle liggja ei stund til i karantene. Eg låg og leste i bøker. Såg på fjernsyn. Høyrde på musikk. Gjorde alt som eg elles ikkje hadde hatt tid til. Og kona serverte mat kvar dag.
-Er det noko du treng, spurte ho.
-Litt saft, kanskje, svara eg.
Magen hennar var enorm. Den måtte ha blitt endå større sidan sist. Ho satte eit glas på trappa. Strauk seg på ryggen.
-Korleis går det, spurte ho.
-Betre, svara eg. -Men eg må nok liggja ei lita stund til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar