søndag 10. juli 2011

Draumelandet


-Jøss! Ligg du her og søv?
Eg rykka opp frå sofaen. Såg rundt meg. Sjefen sat på golvet og leika med nokre klossar.
På fjernsynet var Drømmehagen for lengst ferdig. Det kjendest som berre ein augneblink sidan at eg dansa omkring på den grøne enga saman med Hinkel Pinkel og Hoppsy Daisy.
-Eg låg berre med augene litt igjen, sa eg.
-Det gjorde du vel, sa kona. -Sonen din har bæsja. Kan du skifta på han, så lagar eg frukost?
Ei lysebrun gugge lyste mot meg. Sjefen låg fastspent på stellebordet og sang melodien til Bæ bæ lille lam, etter teksten "daa-daa-da-da-da". Eg skylte kluten i lunka vatn, vaska han rein, tørka han, satte på ei ny, tørr bleie. Eg satte han på armen. Gjekk opp trappa. Oppe i stova lukta det nykokt kaffe.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar