onsdag 12. oktober 2011

Skogstur


-Kan du ta han med ut ein tur? Eg hadde så mykje å gjera.
Eg kledde på han. Han vrei seg som ein orm medan det stod på. Eg satte han opp i ein bæremeis og løfta han opp på ryggen.

Så opna me døra inn til skogen. Eg ville gjerne visa han noko av det eg hadde sansa der inne. Hovudet hans gjekk frå side til side der bak ryggen min, medan han studerte det nye miljøet. Lufta var litt tung. Sola steikte. Skogen var så morgonstille som den kunne. Beina mine kleiv oppover stien i seige tak. Kroppen hans gynga i takt med kliva.

8 kommentarer: