onsdag 28. august 2013

Papirlappen


Kanskje eg skulle ta han med langt inn? Inn til det innerste? Eg hadde jo ennå ikkje vore der. Kanskje dette var rette tida?

Stien snodde seg gjennom buskar og tre. Pusten til han bak på ryggen min blei tyngre. Kroppen hans byrja å røra seg meir i utakt. Hm. Han sov. Eg gjekk vidare. Høge, gamle furutre ga skugge mot den sterke sola. Gjorde lufta litt kjølegare.
Eg stoppa og lytta...
Ei grein knirka litt. Elles var det heilt stille. Det var som om lufta prøvde å seia noko utan å klara det.
Eg løsna meisen, drog den forsiktig av skuldrene mine. Hovudet til den vesle guten hang på sida. Kanskje han ikkje hadde godt av å henga slik i denne meisen? Eg la han og meisen ned på den mjuke mosen. Han sov tungt. Hovudet litt på sida og beina overskrevs på meisen.
Eg hadde ikkje tatt med meg noko særleg. Ikkje noko mat. Ikkje ekstra klede. Flaska med vatn var nestan tom.
Ein hakkespett hakka ein stad i det fjerne. Skogen ga lyden ein ekstra klang.
Litt lenger borte lyste det gjennom trekronene. Det var noko som blinka der borte. Noko kvitt. Eg reiste meg og gjekk bort.
Ein papirlapp.
Eg snudde på den. På baksida var det skrive noko med blå kulepenn og fin, snirklete skrift.
På papirlappen stod det: "hvordan var luktene?"

11 kommentarer:

  1. Hvilken skog er det?

    SvarSlett
  2. KONGEBRA TEKST!! Jeg får levende bilder i hodet!

    SvarSlett
  3. hvordan var lydene?

    SvarSlett
  4. Vil det komme flere lapper?

    SvarSlett
  5. hvilken farge hadde papirlappen, var den blå?

    SvarSlett
  6. nå fikk jeg mange papirlapper i hodet! hilken farge er lappen? blå? rød? gul? rosa?

    SvarSlett
  7. hef10 lapp, muligheiter får å få sjå fleire lappor i skaugen?

    SvarSlett
  8. Jeg elsker tour the france !

    SvarSlett