fredag 30. oktober 2015

Korleis var luktene?



Eg snudde på lappen igjen. På andre sida var det blankt.
"Korleis var luktene?" Kven har skrive det? Til kven? Skrifta var nestan litt barnsleg. Lappen var liten og kvit. Den kunne ikkje vera så gammal. Var ikkje særleg prega av tida ute i ein skog.

Eg såg rundt meg. Det var ingen andre her, etter det eg kunne sjå. Bortsett frå meg. Og han vesle som sov.
Ja, luktene...korleis lukta det her? Tja. Det lukta skog. Men korleis er eigentleg lukta av skog? Det er vel alt som veks som gir lukt. Men eg klarte ikkje å gi den noko nærare definisjon.
Men denne lappen. Så merkeleg å finna den her. Med eit slikt spørsmål.
Eg retta blikket bort mot nokre buskar. Der. Der låg det jammen fleire lappar. Gjorde det ikkje? På eit merkeleg vis hadde det blitt mørkare. Ting var litt vanskelegare å sjå. Men det var noko der. Eg sprang bort. Jo. Her var det opptil fleire. Og alle stod det eit og anna på. Eg løfta opp ein av dei....
Det stod: "finn flere lapper".
Eg røska opp fleire lappar. "Hvordan var lydene?" Hæ? "Vil det komme flere lapper?" Ja, eg veit vel ikkje! "Hvilken farge hadde papirlappen, var den blå?" Kvit! "Hef10 lapp, muligheter for å få sjå fleire lappor i skaugen?" Kva pokker er dette? Svensk? Ein ung, fordømt svenske som driv og køddar i skogen?
Eg kasta lappane i frå meg. Er det nokon som driv ap med meg? Eg stirra rundt meg. Prøvde å sjå om nokon gøymde seg ein stad.
Så høyrde eg ein lyd frå den vesle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar