lørdag 21. november 2015

Mørke


Det mørkna. Så merkeleg mørkt på denne tida av året. Pusten reiv i halsen medan eg klatra oppover den bratte stien. -Åi-åi, sa han bak.

-Du, eg merka noko i natt, hadde kona mi sagt under frukosten.
-Kva då, hadde eg spurt.
-Det var noko annleis, litt større på den eine staden, hadde ho svart. -Eg trur det kunne ha vore lurt om du fekk det sjekka.
Eg hadde gått på badet og sjekka litt sjølv. Og ja. Jammen var det ikkje litt større på den eine staden. Pokker. Eg skjøna det ikkje. Slike ting var noko som gjaldt for enkelte andre. Det gjaldt ikkje for meg. Og eg likte ikkje å gå til legen. I alle fall ikkje med slikt. Eg skauv det vekk. Betre å gå ein tur i skogen.
Eg kom opp på toppen. Det måtte vera den største toppen. Sjølv om det ikkje var så godt å seie. Det var litt utsikt der. Over endå meir skog. Skuldrene mine verka. Eg satte ned meisen. Løsna ut Sjefen.
-Daiapp, sa han.
-Ja, eg veit, svarte eg.
Eg plukka opp telefonen. Ja! det var dekning der. Både til å ringa og surfa på nett. Eg opna nettlesaren. Eg likte ikkje å ringa om slikt. Ei nettside opna seg sakte. Veldig sakte. Eg skreiv inn det eg trudde kunne vera nettsida.
-Daiapp, sa han.
-Ja, ja, svarte eg.
Nettlesaren jobba sakte, sakte, opna seg litt og litt...jah, adressa stemte! Eg var inne på nettsida til Giftsentralen. Så var det å finna fram der...-Daiapp, sa han. -M,m, svarte eg. Der! Der kunne eg laste opp eit bilete av soppen. Skriva inn kva som var situasjonen, skriva inn telefonnummeret mitt. Eg knota i veg på den vesle skjermen. Det var så pokkers vanskeleg å skriva sånn ute i skogen. Eg skreiv og sletta, skreiv og sletta. Så var det opplastinga. Det gjekk om mogleg endå seinare. Det surra og gjekk, surra og gjekk, litt etter litt... Eg kikka bort på Sjefen. Han sat berre i lyngen og observerte rundt seg. Det var heldigvis ingen sopp i området her. Opplastinga surra og surra. Rundt og rundt. -Daiapp, sa Sjefen. -Mm, svarte eg. Det gjekk litt etter kvart med opplastinga. Litt etter kvart...
sånn. 
Endeleg var biletet på plass. Eg trykka "send". Og så. Så kom det opp ei slags kvittering om at meldinga var motteken og at eg ville få ein telefon når alt var sjekka.
Eg pusta ut. 
Men kva no? Eg kunne ha gått vidare. Prøvd å finne vegen heim. Han var svolten. Eg hadde ikkje mat. Ikkje bleier ein gong. Men då måtte eg nedom fleire dalsøkk. Og då kunne eg koma utanfor rekkevidde med telefonen igjen. Nei, me fekk venta her, oppe på toppen. Sjå litt på utsikten.
-Daiapp, sa han.
-Du, skal eg fortelje deg ei historie, spurte eg. Han såg opp på meg. -Skal eg fortelje historia om Vesletussen som bur i denne skogen?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar