lørdag 13. februar 2016

Morgonstemning



Tida tok ein rask sving. Forbi ein mørk haust. Og så var det vinter. Eit kvitt teppe hadde endeleg lagt seg over landskapet.

Lyden av småfuglar kvein frå mobiltelefonen grytidleg om morgonen. Kona mi stod opp nestan med ein gong. Eg høyrde lyden av dusjen på badet. Så tvang eg meg sjølv ut av senga. Tok på meg ein kald stillongs og eit par kalde sokkar. Eg kikka inn til den vesle. Han sov framleis. Han hadde byrja å sova lengre etter at han byrja i barnehagen. Eg gjekk opp i den litt kjølege stova. La inn nokre vedkubbar i omnen. Tente på. Det brant lystig bak det sota glaset. Eg satte på kaffe. Kikka bort på ein rotete kjøkkenbenk. Kona kom opp med nydusja hår og ordna frukosten.
Me satte oss litt. Venta i det lengste med å vekka han vesle. Eg tok handa rundt den varme kaffekoppen. Snuste inn lukta. Andleta våre var vende ned på bordet og kvar vår mobiltelefon. Eg gjekk gjennom epostane. Trykka bort den vanlege reklamen. Inn på nettlesaren og ei avis. Sjekka om det var noko nytt. Det var ikkje så mykje sidan sist.
Eg såg ut vindauget. Det var framleis mørkt der ute.
-Har du bestilt legetime nå, spurte ho.
Eg snudde meg.
-Nei, svarte eg.
-Då må du gjera det. Du bør få sjekka det der.
-Ja, eg skal gjera det snart. Eg har det berre litt travelt akkurat nå.
-Ja, det har du vel. Men det tar ikkje lange tida å bestilla ein time.
-Det er litt vanskeleg å få fri til slikt på jobben, sa eg.
-Det kan eg aldri tru, svarte ho.
Ho kikka ned trappa.
-Kan du vekka guten vår, spurte ho.
-Du veit at eg hatar akkurat det. Kan ikkje du, spurte eg.
Ho pusta tungt, gjekk ned trappa. Først var det heilt stille der nede. Så høyrde eg lyden av ei dyne. Så kom det svake, lokkande morslydar frå etasjen under. Så nokre trøytte grynt frå den vesle. Deretter kom ho opp trappa med tunge steg. Guten i mjuk pyjamas hang med armane og beina rundt kroppen hennar. Hovudet hans låg over skuldra.
-Her er det visst ein trøttepløtt, sa ho med mjuk morsstemme.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar