mandag 22. februar 2016

Ut


Ho satte guten ned i sofaen og la eit teppe over han. Så satte ho på barne-tv. Han fekk ei flaske med melk og ein plasttallerken med ei brødskive på. Med leverpostei. Han såg søvnig på fjernsynet.

-Du, det skjedde noko merkeleg ein gong eg var i skogen, sa eg.
-Jaha, spurte ho.
-Det var som om nokon ville meg noko.
-Korleis då?
-Ja, som om dei prøvde å styra meg. Halda meg for narr, kanskje.
-Kva snakkar du om, eigentleg, spurte ho.
-Det var nokre papirlappar der det stod rare ting, svarte eg.
-Kva då?
-Eg hugsar ikkje heilt. Ein masse tull. Men det verka som om dei ville seia meg noko. Som om nokon stod og observerte meg. Eg fekk ei veldig kjensle av det.
Ho såg på meg.
-Kanskje du skal fortelje det òg til legen, sa ho.
Eg pusta oppgitt. Putta matpakken oppi sekken. Reiste meg og leita fram ytterkleda. Ho rydda maten inn i kjøleskapet. Løfta opp guten som hadde strødd brødsmuler ut over heile sofaen. Ho bar han ned på badet. Eg høyrde henne smånynna medan ho stelte han. Eg tok på meg sykkelhjelmen og refleksvesten.  Gjekk ned på badet. Han stod halvnaken på badet og pludra.
-Hadet, lille venn, sa eg og kyssa han på kinnet.
-Au, du har skjegg, sa han.
-Hadet, sa eg og kyssa kona mi.
-Hadet, sa ho. - Sykle forsiktig.
-Jada, sa eg.
Eg gjekk ut på trappa. Den iskalde, svarte lufta slo mot eg. Det knitra i snøen under støvlane. Eg drog ut sykkelen frå skuret. Sjekka at lysa var i orden. Satte meg oppå og byrja å trø.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar