lørdag 26. mars 2016

Heim frå jobb


Eg hadde sendt ei melding til kona og spurt om det var greitt at eg jobba litt ekstra. Det var det. Kollegaene reiste seg frå arbeidspultane rundt meg, pakka sakene sine, smilte og sa "god middag". Eg svarte "god middag" og smilte tilbake. 

Så byrja det å bli stille. Eg såg på papira mine. Det gjekk i ei dør. Nokre fottrinn. "God middag" høyrde eg bak meg. "God middag", svarte eg. Det var arbeidssjefen. Kapteinen som forlot skuta. Det vart stille igjen. Eg såg på papira. Skreiv noko på pc-en. Det gjekk i døra igjen. Nokre fottrinn. "God middag". Det var vaktmeisteren som gjekk runden for å sløkka alle ljos. Han lot mitt stå i fred. Når vaktmeisteren hadde vore innom, så var det rimeleg sikkert at eg var åleine i bygningen. Eg såg på papira igjen. Skreiv noko på pc-en. Fann noko å lesa på pc-en. Kva tenkte dei andre? "Der sit han igjen og jobbar seint igjen"? Men det måtte eg jo, når papirbunken var så stor.

Eg reiste meg til slutt. Fann alt eg skulle ha til turen tilbake og gjekk ned den mørke trappa.
-Nei, men jobbar du seint du òg i dag?
Jøss, eg hadde jammen ikkje vore åleine likevel.
-Ja, svarte eg. -Du òg?
-Ja, svarte han. -Men, ...skal du ut å sykla nå?
-Ja, eg skal nå det.
-Nå i mørket?
-Ja, eg har jo refleks og ljos, svarte eg.
-Men er det ikkje veldig kaldt nå?
-Nei, då.
-Enn glatt?
-Nei, nei, ikkje glatt. Eg smilte og vinka til han. Gjorde klar sykkelen.
-Jaja, god tur, sa han og gjekk mot bilen sin.

Ute på vegen hasta bilane forbi meg. Alle ville heim fortast mogleg. Eg sykla forbi eit hus med juletreljos i hagen. Det blinka grønt og fint. Ein bil kom opp bak og svinga fort forbi. Bilisten tuta. Ein bil bak der igjen hang på bakenden på den første og smatt forbi. Akkurat tidsnok til å unngå ein kollisjon mot ein møtande bil. Eg bante og vinka med peikefingeren. Men ingen kunne sjå den peikefingeren fordi den var gøymt inni ein vott.
På jobben snakka me om visse type bilistar. Dei som alltid køyrde i 70, uansett om fartsgrensa var 60 eller 80. Og så hadde du dei som alltid hang på bakenden på bilen framfor. Livredde for å sleppa taket. Kanskje det var ein sosial greie, å alltid henga i bakenden på andre folk.
Eg kom ut av det tettbygde området. Vekk frå juletreljos i hagane. Det vesle sykkelljoset streva med å visa vegen då eg dukka inn i den mørke skogen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar