søndag 10. april 2016

Det stille rommet


-Pappa? 
Det kom brått frå etasjen under. Den vesle hadde vakna. Eg smilte orsakande til kona mi, la frå meg kniv og gaffel og gjekk ned trappa.

Han sat oppreist i senga og gnei seg i augene. Bamsen hans låg ved sida og sov framleis.
-Hei, er du vaken, spurte eg.
-Er du heime, spurte han.
-Ja, nå er eg heime.
Eg la meg ved sida av han. Han la seg inn i armkroken.
Me låg berre stille slik ei stund. Så pusta han litt tungt.
-Har du vore på jobb lenge, spurte han.
Han hadde allereie lært seg denne høflege, skogens konversasjon.
-Ja, svarte eg. -Men nå er eg heime.
-Mm, svarte han.
Så låg me stille igjen, i det halvmørke barnerommet. Det levde liksom sitt eige liv, dette rommet. Det var som om det pusta like stille og roleg. Saman med guten. Og bamsen.
Han tok ein djup pust.
-Kan du fortelje litt om Vesletussen, spurte han.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar