søndag 31. juli 2016

Klienten


-Det er ein klient som treng nokon å snakke med, sa mellomsjefen til meg. Han stod i døropninga og lente eine handa på dørkarmen.
-Ein klient, spurte eg og snudde meg vekk frå datamaskinen.

-Ja, du må nestan ta dette, sa han og kikka på klokka.
-Eg har det ganske travelt, sa eg.
-Det har me alle. Så dette får du ta, svarte han.
Han dunka to svake dunk på dørkarmen med fingrane, snudde og gjekk ut i gangen. Eg høyrde at han snakka med nokon der ute, og like etter kom ei kvinne med rådville auge bort til kontoret mitt. Eg reiste meg, lukka datamaskinen og la den under armen. Med den ledige handa viste eg henne vegen mot eit møterom. Eg slo opp eit smil og viste henne ein stol å sitje på. Så opna eg datamaskinen igjen og stirra inn i skjermen medan eg logga meg på. Det gjekk ofte så sakte med denne pålogginga. Ein og annan gong kunne eg til og med gløyme passordet mitt, særleg i slike situasjonar som dette. Så var det å opne eit nytt skrivedokument. Det kunne òg gå veldig seint. Eg såg og såg i skjermen. Dokumentet ville nok koma fram. Berre ikkje med ein gong. Eg stirra i skjermen som om eg kunne missa dokumentet viss eg ikkje passa på å stirra. Kanskje det ville dukka opp og så forsvinna igjen viss eg ikkje passa på. Og der var det oppe. Eg skreiv ein tittel. "Møte med klient", skreiv eg.
Eg såg opp. -Ja, kva kan eg hjelpe deg med då, spurte eg.
Ho såg på meg. -Nei...eg har det ikkje så greitt, svarte ho.
"Ikkje så greitt", skreiv eg i dokumentet.

1 kommentar:

  1. Veldig fin liten tekst. Tankevekkende. Ja, dette har vel mange av oss opplevd. Tekstbiten har mye å lære andre. Det er helt greit at du gir oss indeforfattere melding når du har lagt ut noe. Nå er jeg obs på din blogg. Vi trenger å lære hverandre å kjenne bedre. Takk!

    SvarSlett