søndag 2. juli 2017

Venterommet


Nokon sat og såg framfor seg med eit tomt, alvorleg blikk. Nokon hadde andletet vendt ned i eit gammalt vekeblad. Ein unge sat på fanget til mora si og skreik. Mora rugga barnet og hadde det same tomme, alvorlege blikket. Ein gammal mann hosta utan stans ned i armen sin.

Veggene var kvite og sterile. I ein krok stod ein liten, urørt kasse med barneleiker. På eit lite bord låg ein bunke med fleire vekeblad. Eg fann eit som hadde sladder om kjendisar. Det var den eine timen i livet der eg kunne lesa slike blad med godt samvit.
Ein mann i kvit frakk kom inn og ropte eit namn. Det var ikkje mitt namn. Den gamle mannen som hosta reiste seg. Dei handhelste. Blikket mellom dei var trøytt og mekanisk. Så gjekk dei ut av venterommet og inn i eit anna rom.

Så hadde eg altså omsider tatt steget. Fått time hos lege for å ta ein sjekk. Eg bladde i vekebladet. Ein kjendis hadde skifta kjønn. Ein annan hadde skifta ektefelle. Eg byrja å dra på åra. Eg kunne kjenna det. Kroppen var liksom annleis. Meir slitt her og der. Og akkurat der eg skulle undersøkast merka eg at det var noko som ikkje stemte. Eg syntes det hadde blitt meir og meir vondt der for kvar dag. Og det verka som om smerten spreidte seg utover. Ned gjennom eine beinet og oppover til skuldra, utover til fingertuppane. Var det slik det skulle enda? Ein kjendis hadde invitert vekebladet heim til seg. Det var bilete av kjendisen og familien hans i alle tenkelege vinklar og posisjonar. Ei kvinne i kvit frakk kom inn i rommet og ropte eit namn. Det var ikkje mitt namn. Mora og barnet reiste seg. Dei vaksne handhelste alvorleg og gjekk. Ei gammal kvinne kom og satte seg i den ledige stolen. Vende eit tomt blikk ut i lufta. Eg såg på klokka. Det hadde gått over tida for då timen min skulle starta. Kva hadde skjedd? Hadde dei gløymt meg? Var det noko feil med timebestillinga? Skulle eg berre sitja her til det ikkje var meir igjen av meg? Der var det sanneleg ein pasient som blei ropt opp, som måtte ha kome etter meg. Det heile, pasientane som kom inn, blei ropt opp og gjekk ut av rommet, var som ein pulserande, seig organisme. Den pusta tungt. Ut og inn. Ut og inn. Og her sat eg, urørleg, med eit vekeblad mellom hendene. Og ingen la merke til meg. Kanskje var eg ikkje der. Kanskje eg ikkje eksisterte i denne verda. Kanskje eg var eit slags ingenting som berre observerte denne organismen av pasientar og kvite frakkar.

Med eitt kom ei ung kvinne i kvit frakk inn i rommet. Ho hadde eit granskande blikk. Ho ropte eit namn. Og namnet var mitt.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar