tirsdag 27. juli 2010

Inne

Greinene lukka seg bak meg. Skogen stilna.
Eg gjekk oppover ei skråning. Fann ein sti som viste vegen innover. Stien under meg. Skogstaket over. Lufta var tjukk og varm.
Eg kom fram til ein liten opning. Ein stad der tømmeret var hogd ned. Sola kom til og svei meg i andletet. Det såg ut som ein liten ørken. Daude og visne greiner låg på bakken. Men det var ikkje store utsikten. Nokre meter lengre framme stod ein ny, tett skog.
Ein fugl satte i nokre illevarslande skrik. Varsla alle andre om at eg var der inne. Det gjorde berre alt endå meir tett og anspent. Som om heile skogen haldt pusten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar