onsdag 12. oktober 2011

Skogstur

-Kan du ta han med ut ein tur?
Ho hadde så mykje å gjera. Så mykje å streva med. Det var greit. Eg hadde endeleg ein del mindre å gjera. For ei stund framover.
Eg kledde på han. Han vrei seg som ein orm medan det stod på. Eg satte han oppi ein bæremeis og løfta han opp på ryggen.
Så opna me døra inn til skogen. Eg ville gjerne visa han noko av det eg hadde sansa der inne. Hovudet hans gjekk frå side til side der bak ryggen min, medan han studerte det nye miljøet. Lufta var litt tung. Sola steikte mellom trekronene. Skogen suste så morgonstille som den kunne. Beina mine kleiv oppover stien i seige tak. Kroppen hans gynga i takt med kliva.

søndag 2. oktober 2011

"Daiapp" i morgonsol

Me satte opp døra til verandaen. Klar morgonluft og fuglesang strauma inn i stova. Grønt og nytt liv. Blå sommarhimmel. Brødet var nybakt. Kaffen nykokt. Til og med nykokte egg stod klare.
-Daiapp!, sa sjefen. Det tydde at han ville ha mat. Kona mi hadde varma opp ei flaske med melk til han. Han drakk med lange slurk. Eg skar små terningar av ei brødskive med leverpostei. Han klaska handflaten ned i leverposteien og smurde brødbiten rundt i andletet, innan den fann vegen inn i munnen. Så pludra han i veg på språket sitt.
-Seier du det, svara eg. -Ja, det er nå så.
-Ja, sa han. Så pludra han vidare innimellom lange melkeslurkar og ein ny brødbit.
Me smilte til kvarandre. Kona og eg. Eg kjende den gode sommarlufta som leika rundt meg. Kaffen som rann ned i magen og skapte ro og harmoni. Sjefen byrja å smøra brødbitar rundt på det vesle bordet sitt. Andre bitar kasta han ned på golvet. Eg såg under stolen hans. Det låg strødd med brødbitar under han.
-Daiapp!, sa han.
Det tydde at han var ferdig å eta og ville ned frå stolen.

søndag 10. juli 2011

Draumelandet

-Jøss! Ligg du her og søv?
Eg rykka opp frå sofaen. Såg rundt meg. Sjefen sat på golvet og leika med nokre klossar. På fjernsynet var Drømmehagen for lengst ferdig. Det kjendest som berre ein augneblink sidan at eg dansa omkring på den grøne enga saman med Hinkel Pinkel og Hoppsy Daisy.
-Eg låg berre med augene litt igjen, sa eg.
-Det gjorde du vel, sa kona. -Sonen din har bæsja. Kan du skifta på han, så lagar eg frukost?
Ei lysebrun gugge lyste mot meg. Sjefen Låg fastspent på stellebordet og sang melodien til Bæ bæ lille lam, etter teksten "daa-daa-da-da-da". Eg skylte kluten i lunka vatn, vaska han rein, tørka han, satte på ei ny, tørr bleie. Kjende litt på gleda ved at han var rein og tørr. Han låg og såg på meg medan han skravla i veg på sitt eige språk. Eg satte han på armen. Gjekk opp trappa. Oppe i stova lukta det nykokt kaffe.

fredag 1. juli 2011

Fjernt syn

Nokre menn stod på scenen og sang om at nokon fekk igjen pengar på skatten. Og brukte desse pengane på nye pupper. Så var det ein gammal mann som stod og sang saman med ei ung jente på ei strand. Eg skjøna ikkje heilt kven han stod med. Om det var barnebarnet hans eller kva. Innimellom var det nokre amatørmessige bilete av ein hårete mann som låg i vatnet. Og ei bikinikledd jente. Så var det ein mann som var ein slags karikatur av rike oppkomlingar. Han stod ved ein bar med sigar, konjakk og smilande jenter. Og overalt snurra det folk i ein evig snurredans. Glade og entusiastiske.
Eg var så trøtt medan eg stirra på dette urnorske fenomenet som alltid blei vist så tidleg på morgonen. Eg frykta at alt som fantes av kultur mellom nokre av trea i skogen heromkring. Det var denne snurredansen.
Me sparte pengar. Og hadde dermed så få kanalar å velgja mellom. Og så tidleg om morgonen var det berre ein kanal å velgja i. Med denne urnorske snurremusikken.
Sjefen slurpa nøgd i seg av den oppvarma melka frå tåteflaska, medan han sat i sofaen og såg på musikkvideoane. Han var så ung at han framleis syntes denne musikken var interessant.
Klokka rørte seg sakte nedover.
Så var det der, endeleg. Åh, det var himmelriket. Når eg kunne skifta til barnekanalen, leggja meg bakover i sofaen, kjenna den vesle varme kroppen til sjefen kvila mot meg og høyra dei velkjende tonane til Drømmehagen.

lørdag 18. juni 2011

Morgonsjokk

Eg sveva med lange hopp over den mjuke mosen. Laga små piruettar. Tok lett sats og flaut oppover langs furustammen.
Så kom eit brått og uventa skrik. Det skar tvers igjennom. Overkroppen min kasta seg nitti grader opp i senga. Eg såg på klokka. Fem. Kona mi låg med ryggen til og sov. Det var visst min tur å stå opp. Hugsar ikkje heilt.
Det kom nye, skjærande skrik frå naborommet. Meir utolmodige og kommanderande denne gongen. Eg treiv beina ned på golvet. Fann nokre klede. Men ikkje sokkane. Det blei stille inne på barnerommet då lyden av dei bare føtene mine klaska mot det kalde golvet i gangen. Eg opna døra til rommet.
-Eeeeeiiiii!!!
Ein blid gut på over året stod i sprinkelsenga med smokken på snei. Han løfta armane i været for å koma opp. Eg kjende den mjuke, varme pyjamaskroppen mot min. Eine armen hans haldt rundt skuldra mi. Beina hans hang rundt magen og ryggen. Den gode lukta av det mjuke håret hans. Han såg forventningsfull rundt seg medan me gjekk opp trappa til stova. Eg snubla bort til fjernsynet. Det einaste dei kunne tilby var norske, gudsforlatte og harry musikkvideoar av danseband. Den same musikken kvar einaste morgon. Men sjefen, med vidopne auge, satte seg nøgd i sofaen.

søndag 12. juni 2011

Kveldstankar

-Så fint det er, sa ho.
Ho hadde kome ut på verandaen. Stod og såg utover.
-Var den bra, den engelske krimmen, spurte eg.
-Pff, svara ho. -Eg veit at du ikkje likar den serien. Men eg synest nå den er bra, ja.
Eg såg opp på henne. Kroppen hennar hadde forma seg mjukt og fint etter fødselen. Augene hadde fått nokre nye, vakre linjer.
Dette universet av ei kvinne. Det var mykje ho hadde kjempa mot. Svinga sverdet mot krypande ormar. For å verna det som betydde aller mest. Kampen tæra på henne. Men eg beundra styrken hennar. Ho var ein vegleiar. Ho kunne hjelpa meg òg, bort frå mine demonar. Viss eg berre tok imot.
Kveldssola lyste med eitt opp ein siste augneblink før ho forsvann i horisonten.
Eg vakna litt.
"Herregud, så djup eg har blitt", tenkte eg.
-Kva er det du tenkjer på, spurte ho.
-Ingenting, svara eg.
-Særleg, sa ho.
Eg pusta tungt. Såg ei stund mot den mørknande himmelen.
-Det er litt vanskeleg å forklara, sa eg.

lørdag 4. juni 2011

Kveld

Eit år hadde gått. Og meir enn det. Den første skikkelege sommardagen hadde kome. Eg var seint heim frå jobb. Sjefen, som hadde nådd å bli endå meir sjef, låg og sov. Kona mi låg på sofaen og såg på engelsk krim. Eg satte meg ut på verandaen. Lufta var varm og lindrande. Himmelen lyste gult i horisonten. Langt der borte ein stad var ein flyplass. Små fly gjekk opp og ned. Så langt borte at eg ikkje kunne høyra dei. Svaler gjorde akrobatøvingar langt oppe på himmelen. Knott surra framfor andletet mitt. Glade stemmer. Hos naboen. Ein av dei få naboane våre, som hadde selskap på sin eigen veranda. Og fuglane sat i trea og sang og sang.

lørdag 28. mai 2011

Samtalen

-Så det har altså skjedd, sa han. Det var ikkje reint lite.
Eg studerte hendene mine. Dei låg i fanget. Den eine tommelen skrapa mot neglen på den andre peikefingeren.
-Kva vil du gjera nå, då?
Eg såg opp. På bordet. Der det stod ei mugge med vatn. Ein kaffetermos. To glas og to koppar. Såg bort på eit bilete av eit landskap.
Tja, sa eg. -Nokre gonger tenkjer eg at eg må ta eit val. Gå enten den eine vegen, eller den andre. Eller kanskje det ikkje er nødvendig. Kanskje det går an å gjera det beste ut av å få til begge deler. Eg veit ikkje.
-Nei, sa han.
Det blei stille. Me såg begge ut i lufta. Det var ikkje så mykje meir å seia. Førebels.

lørdag 21. mai 2011

Heime


Han var stille der bak medan me køyrde. Sat i eit nytt og sikkert barnesete. Kona mi sat òg bak. Var stadig og sjekka om alt var i orden. Det var så vidt eg fekk henne ut av sjukehuset. Først ville ho skifte bleie. Så gi han meir melk. Så skifte bleie igjen. Så gi meir melk igjen. Slik haldt ho på.
Men nå var me på veg. På sida av vegen var det tomme kornåkrar. Slitte hus. Plenar med haustløv. Og eit bleikt, kaldt ljos.
Me kom fram til huset vårt. Det smilte venleg. Eg stoppa motoren.
-Vent med å opna bildøra, sa ho. -Eg må kle på han først.
-Det er jo berre fem meter til husdøra, sa eg.
-Han må ikkje bli kald, sa ho. -Vent litt.
Ho kledde på han. La eit teppe rundt han. Så trakk ho pusten. Opna raskt døra på bilen. Haldt han tett inntil kroppen. Skunda seg bort til husdøra og smatt inn. Eg byrja å bera inn på barneutstyr og diverse. Huset rista litt på seg i spaning. Alt var klart for det nye familiemedlemmet.

lørdag 14. mai 2011

Belønning

-Kan du henta litt saft, spurte ho.
Eg gjekk ut på kjøkkenet på sjukehuset og fant fram. Gul saft. Litt kake.
-Eg trur han har bæsja. Kan du skifte bleie på han?
Ut på stellerommet med den vesle, vesle kroppen. Fjerna ei mørkegrøn gugge. Tørka. Ny bleie. Tilbake til rommet der ho slurpa i seg den siste resten av safta.
-Korleis går det, spurte eg.
-Eg trur eg byrjar å koma til krefter igjen, svara ho.
Eg såg ut vindauget. Det var litt haustleg, småkjøleg solskinn der ute.
-Går det greit om eg får tatt meg ein liten tur ut, spurte eg. -Eg treng litt frisk luft.
-Det går sikkert bra, svara ho.
Eg trakk den skarpe lufta ned i lungene. Gjekk nedover eit bratt fortau. Bilar brumma opp og ned vegen. Heilt uavhengig av kva som hadde skjedd med meg.
Eg kom inn på eit kjøpesenter. Kanskje eg kunne finna det her. Det var lite truleg. Men kanskje.
Eg gjekk forbi ein gullsmedforretning. Jo, eg burde vel innom her. Eg såg litt rundt mellom glitter og stas. Den der var jo fin. Ikkje så dyr, heller. Eg peika på den. Ei dame tok den fram frå disken og pakke den inn.
Nøgd gjekk eg vidare. Inn på ei elektronikkforretning.
-Har de den nye iphonen her, spurte eg.
-Nei, dei forsvann same dagen som dei kom inn, svara ein mann. -Men om ein månad trur eg me vil ha nye. Skal eg setja deg opp på ei liste, spurte han.
-Nei, takk, svara eg.
Det var vel eigentleg fånyttes. Telefonen var umogleg å få tak i. Eigentleg like greit å gå tilbake til sjukehuset.
Eg gjekk forbi ein ny elektronikkforretning. Gjekk inn.
-Har de den nye iphonen, spurte eg.
-Ja, faktisk, så har me ein igjen, svara ein mann.
-Har de, stotra eg.
Han tok fram ei eske. Og der var den. Ein flunkande, ny iphone.
Eg kom inn på rommet til dei to. Sjefen låg og sov. Kona mi kikka opp frå eit vekeblad.
-Var det fint ute, spurte ho.
-Mm. Eg har kjøpt ei gåve til deg, sa eg.
Ho strålte opp. Pakka opp den vesle eska.
-Ei kjærleiksgåve. Den er fin, sa ho og kyssa meg.
Ho såg på smykket og skrapte litt i det med eine neglen.
-Eg kjøpte noko til meg sjølv, òg, sa eg. -Eg fekk tak i den nye iphonen.
-Jaså, sa ho.
Eg tok eska forsiktig opp frå posen. Gleda meg så vanvittig til å opna den.

lørdag 7. mai 2011

Reparasjon

Ho låg bleik i senga. Sjefen låg og sov i ei lita seng med glasvegger. Lyset frå vindauget var haustvinterleg og bleikt det òg. Eg sat ved fotenden ved eit lite bord og togg på ei brødskive.
Sjukesøstra kom inn.
-Eg tenkte eg skulle sjå korleis det står til, sa ho. -Du fekk jo eit ganske kraftig rift i går, og mista ein del blod.
Natta før, i eit virvar av barnegråt, blod og morkake, hadde ein lege kome inn og sydd henne. Så vidt eg kunne hugsa.
Sjukesøstra undersøkte den nybakte mora. Så snudde ho seg mot meg som sat ved det vesle bordet og togg på ei brødskive. Eg var ikkje sikker på kva sjukesøstra sa med blikket sitt. Men sjølv så syntes eg det i grunnen såg ganske greit ut, det heile.

fredag 29. april 2011

Ut

Han sklei ut med krum rygg og kraftige skuldre. Såg irritert og undrande rundt seg. Det kom nokre skrapande, små kråkelydar ut av han.
Du store Gud!
Det var han.
Det var sjefen. Frå og med augneblinken då han var ute. Så viste han med heile seg at han var ein sjef. Bestemt og kraftig.
-Vil du klippa navlestrengen, spurte sjukesøstra.
Eg nikka og klippa.
Han blei lagt opp på brystet hennar.
Eg såg på den krumme, bestemte, vesle ryggen. Munnen hans leita etter melk.
Eg var solgt. Fullstendig solgt til sjefen.

fredag 22. april 2011

Utvegen

Ho trakk pusten. Djupt, djupt. Så djupt som eg aldri trudde det gjekk an å trekka den. Så bles ho opp to store hamsterkinn. Overtenna beit seg fast i underleppa. Augene igjenknytte. Hendene hennar kvitna då dei knytte seg rundt to handtak. Ho spente heile kroppen. Andletet hennar blei raudare og raudare. Til det var blodraudt. Nei, blåraudt.
Det var i den augneblinken at eit lyn slo ned i meg. Det varte berre nokre sekund. Men innanfor dei sekunda opna det seg ei...ei openbaring. Med eitt kunne eg sjå det. Kva som var opphavet til alt. Ei stjerne hadde vakse seg så stor at den til slutt eksploderte. Så sterkt at det danna seg eit svart hol. Som saug inn i seg alt liv ikring seg. Men som etterkvart skapte noko nytt. Ein ny galakse blei sakte danna, med milliardar av nye stjerner. Ei evig veksling mellom død og liv.
Jordkloden vår driv og balanserer på ein knivsegg. Stjerna vår skal berre veksa litt. Og den vil gi oss dødeleg varme og energi i staden for det livet den gir i dag. Men fordi jorda er plassert akkurat der den er plassert, får ho sånn passe med varme og energi, enn så lenge. Små og store meteorar susar forbi oss. Det skal berre til ein passeleg stor ein, for å utsletta det meste på kloden. Men fordi andre planetar er plasserte der dei er plasserte, så tar dei imot det meste av meteorane. Vernar oss. Enn så lenge. Kloden er som eit egg. Eit tynt skal utanpå, og kokande sydande masse inni, som sprenger på for å koma ut. Nokre gonger kjem det ut litt. Men stort sett berre litt. Enn så lenge.
Livet. Det kjempar om å ha ein plass. Og opphavet til livet. Det er i denne kvinna. Det er kvinna som gir liv. Som vernar om det mot alle farer. Mot atomvåpen og forureining. Det skal berre ein finger på ein knapp til. Så er alt utsletta. Det er berre litt meir gift som skal til. Så har me ikkje meir å pusta i. Kvinna vernar om barnet så godt ho kan. Mot soldatar som valdtar, kidnappar og drep. Ho arbeider og slit, dagen lang for å få endane til å møtast. Medan mannen spelar kort og drikk opp det vesle dei hadde. Ho ofrar alt. Gir ei endelaus omsorg som livet er avhengig av for å eksistera. Og det ho får igjen er evig smerte. Tallause menstruasjonar, migrene, uro, valdelege, maktsjuke menn, bekkenløysing, fødslar som gir ein slik ursmerte langt inn i den innerste margen. Og barn som til slutt drar frå henne, utan takk for det ho har ofra.
Alt dette. Såg eg i det blåraude andletet. Kva hadde ikkje ho ofra? Korleis hadde ho ikkje streva seg fram gjennom livet? Tynt kroppen gjennom ein jungel. Pressa seg fram gjennom trange irrgangar. Av makt og negative ladningar. Og likevel. Var ho i stand til å gi frå seg eit hav av kjærleik og omsorg. Som ga henne ei så enorm kraft.
-Nå trur eg det skjer noko her, sa sjukesøstra med eitt.

søndag 17. april 2011

Harmageddon

Det kom i bølger. Buldrande. Brakande. Heile skjukehuset rista og skaka. Så roa det seg litt ned. Ho pusta. Fort. Så bygde det seg opp igjen. Handa hennar greip tak i t-skjorta mi. Ho reiv og sleit. Fillerista meg. Brølte.
-Du må opna opp meir, sa ei sjukesøster og ville brekka knærne hennar meir frå kvarandre.
-Det går ikkje, sa eg. -Ho har bekkenløysing.
Det heile verka umogleg. To krefter i vill kamp. Om det skulle gå inn eller ut.
-Korleis går det, spurte ho, innimellom pustepausane.
-Det går betre nå, sa eg og prøvde å smila. -Du er flink. På den siste, der gjorde du det bra.
Ho skar i ei grimase.
-Kom igjen, sa ei sjukesøster. -Nå pressar du alt du kan.
Ho kneip igjen augene. Satte på trykket.
-Hnng-g-g-g-g-g.....
Eit glas med vatn på nattbordet byrja å vibrera. Senga rista litt. Veggene byrja å knirka. Asfalten på parkeringsplassen utanfor slo små sprekker. Like ved der bilen vår stod. Vinden bles opp. Segla over tretoppane. Fekk skogen til å mumla uroleg. Bølgene uti havet byrja å reisa seg. Sola sprakk ut i fleire, små eksplosjonar. Galaksen spant raskare. Universet....trakk seg saman...det kunne bli eit nytt, stort smell...det kunne skje nå....
-g-g-g-g-g-g-gAAAAAAAAAAAAAAAAAAAhhhhhhhhhhh.......
-Eg kunne sjå hovudet så vidt, sa ei sjukesøster. -Men der smatt han jammen meg inn igjen.
Korleis skulle dette gå? Det var umogleg. Mot slike krefter måtte til og med ho gi opp.
-Korleis var det nå, spurte ho og pusta.
-Jo, nå var det veldig bra, sa eg. -Denne gongen var du kjempeflink....
-Du må jobba meir, sa sjukesøstera. -Press alt du kan, neste gong. Det nyttar ikkje med slik smågreier. Viss ikkje, må me kanskje halda på i fleire timar.
Så bygde det seg opp igjen.
-Hm-hm-hm-hm-hm....
Eg hadde flytta meg ned, og hjalp til med å halda eine kneet hennar oppe. Såg om det kom noko. Men kunne ikkje sjå noko.
-Kom igjen nå, sa sjukesøstera. -Nå pressar du.
Kom igjen, tenkte eg. For guds skuld! Press! Press...press...

lørdag 9. april 2011

På veg

-Oooooooooooooooooooohhhhhhh........
Handa hennar hang fastlåst i handtaket på bilen. Kroppen hannar halvvegs sat, halvvegs låg i setet.
Vegen var mørk. Bilen summa jamnt. Innimellom ulinga var det berre denne jamne summinga som kunne høyrast. Skulle eg køyra over fartsgrensa for å koma raskare fram til sjukehuset? Eller kunne det bli farleg? Kva om me kolliderte? Men kva om ungen plompa ut i bilen?
-Ooooooooooooooooooohhhhh......
Eg bestemte meg for å berre halda fartsgrensa. Såg konsentrert inn i mørket. Svart skog rundt oss over alt. Svart skog og svart mørke. Ingen elg måtte koma ut i vegen for oss nå. Ingen landevegsrøvarar. Ingen snikande sjukdomar. Ingenting måtte stå i vegen.
-Oooooooooooooohhhh....
Jo. Det måtte nok vera vondt for henne dette. Ingen tvil om det. Så vondt at me menn ikkje kunne forestilla oss kor vondt det var. Visstnok. Og nå kom ulinga tettare og tettare.
Eg svinga opp til sjukehuet. Pokker. Kor var det eg skulle køyra? Eg stansa bilen. Fomla med mobiltelefonen.
-Kva er det du gjer, spurte ho, innimellom hyperventilering og stønning.
Kor var det telefonnummeret? Så fann eg, stotra fram eit spørsmål, leita meg til ei dør. Nokre kvitkledde sjukesøstre kom ut med ei trilleseng. Kona mi stavra seg oppi. Så trilla dei innover.

fredag 1. april 2011

Tida inne

Eg hadde stått opp igjen. Såg ut morgonvindauget. Det var ikkje mykje nytt å sjå.
Herregud! Å vera borte frå jobben ei veke innebar berre ein ting; Det låg eit hav av uferdig arbeid framfor meg. ein diger bunke med papir låg på pulten min. Eg snudde på det øverste papiret. Prøvde å finna ut av det.
Mange hadde vore sjuke, fortalte dei på jobben. Og mange var det framleis. Folk vaska seg på hendene i eitt sett. Eg hadde lyst til å klø meg i nasen. Men klarte å unngå det.
Ein kollega fortalte at ein bilist var blitt rana på vegen ikkje så langt unna. Nokon hadde stått ved vegen og bedt om hjelp. Ein bil hadde stansa. Så hadde bilisten blitt rana. Kreftbyen åt seg berre nærare og nærare.
Eg snudde på nokre fleire papir. Eg prøvde å leggja ein plan. Setja opp ei tidsliste. for når det eine skulle vera ferdig. Og så det andre. Dette kom til å ta lang tid.
Så ringte mobilen.
Det var henne.
-Du må koma, sa ho.
-Nå? spurte eg.
-Ja, nå. Tida er inne.
-Jammen...-ikkje noko jammen, avbraut ho. -Du må koma nå!

lørdag 26. mars 2011

Betre


Eg hadde overlevd. Og livet var ikkje så verst, i grunnen. Eg hadde vent meg til at jobben og resten av verda fekk segla sin eigen sjø. Det var ein rusande tanke. Å berre ta omsyn til seg sjølv. Formen var ganske bra. Men eg skulle liggja ei stund til i karantene. Eg låg og leste i bøker. Såg på fjernsyn. Høyrde på musikk. Gjorde alt som eg elles ikkje hadde hatt tid til. Og kona serverte mat kvar dag.
-Er det noko du treng, spurte ho.
-Litt saft, kanskje, svara eg.
Magen hennar var enorm. Den måtte ha blitt endå større sidan sist. Ho satte eit glas på trappa. Strauk seg på ryggen.
-Korleis går det, spurte ho.
-Betre, svara eg. -Men eg må nok liggja ei lita stund til.

fredag 18. mars 2011

Sjukare

Pusten. Den gjekk inn og ut. Først gjekk den inn. Og så strauma den sakte ut igjen. Og slik gjekk det. Taket låg over meg. Senga under meg. Papirtørkle, brukte og ubrukte låg på puta ved sida av meg. Ei mugge med varm saft stod på golvet.
-Er det noko du vil ha, høyrde eg frå etasjen under.
Eg pusta inn. Så ut. Så inn igjen.
-Nei, pusta eg ut.
Eg segla inn ein stad i ingenting. Det var ingenting der. Eg var ingenting. Pusten. Eg måtte konsentrera meg om pusten. Den sleit meg ut igjen. Taket over meg. Senga under meg. Og pusten gjekk inn og ut.

fredag 4. mars 2011

Sjuk

Så var det morgon igjen. Eg stod opp ekstra tidleg. Så tidleg at ingen andre kunne ha stått opp. Eg ville koma litt før på jobben. Slik at eg fekk førebudd meg litt ekstra.
Eg såg ut det mørke vindauget. Ein bil køyrde forbi i stor fart. Hjula freste mot grusvegen. Det varte berre ein liten augneblink. Så var bilen borte. Kvifor køyrde den bilen forbi her? I slik stor fart?
Eg satte på radioen. Det var dei same nyhenda som i går. Kokte kaffe. Smurte matpakken. Ordna tinga. Gjekk ut.
Det var framleis tidleg då bussturen var over, og eg hadde satt meg inne på kontoret. Ingen andre var der. Ljoset i taket og røyra susa. Eg prøvde å førebu meg. men uansett kor tidleg eg var, så gjekk denne tida for fort. Kollegaene kom inn. Ein etter ein. Sa hei. Og så braka det laus.
Utover ettermiddagen ringte eg heim og spurte om det var greit at eg jobba litt ekstra. Ville gjerne førebu meg. Få gjort alt som eg ikkje hadde fått tid til før.
Så. Medan eg sat der. Så kjende eg det. Det verka i ryggen. Og i fleire og fleire av ledda. Det svimla. Eg byrja å bli varm.
Fan, fan, fan! Dette passa ikkje! Det var tusen ting eg skulle få gjort.
-Herre Gud, sa kona. Kom deg opp på loftet, og bli der! Ho stod lengst borte i hjørnet, medan eg kreka meg opp trappa.
-Du har vel sete og pilla deg i nasen, der borte på jobben din, sa ho. -Ikkje så rart at du har blitt smitta. Eg set mat til deg etterkvart i trappa.
Eg la meg i gjestesenga. Det gule ljoset sang rundt i ein ring over hovudet mitt. Det snurra og snurra. Fortare og fortare. og jobben. Alt eg ikkje fekk gjort. Og ute luska det kanskje kriminelle. Og barnet. Fan, barnet. Og ljoset rasa nå. Det buldra. Rundt, rundt.

torsdag 24. februar 2011

Tilbake

Det var seint då eg tok bussen heim igjen. Eg såg på landskapet som segla forbi bussvindauget nok ein gong. Det hadde ikkje endra seg særleg sidan sist.
-Det er litt middag på kjøkkenet, sa kona då eg kom inn døra. Eg fann fram maten. Den var kald.
-Korleis går det, spurte eg.
Ho låg på sofaen med ein diger ballong av ein mage over seg.
-Eg ligg berre og ynskjer at eg kunne fått dette overstått, svara ho.
Eg putta ei kald pølse i munnen.
Det var nyhende på fjernsynet. Ein bank var blitt rana i den store byen. Det hadde byrja å bli ein vane. Kriminaliteten hadde hatt ein dramatisk auke, sa dei. Eg lurte av og til på om det ville vera lurt. Å alltid ha alle lysa i huset vårt slukka om natta. Så kunne ingen sjå oss. Men samstundes kunne kanskje nokon tru at huset var tomt. Og prøva å gjera innbrot. Synleg eller usynleg. Kva ville vera det beste? Dersom eg skulle følgja magekjensla, altså mi magekjensle, så ville eg vera usynleg. Så dermed ville nok alle lysa bli slukka i natt òg.
Det var ei ny sak. Om den store sjukdomen. Fleire og fleire blei smitta. Nokre hadde døydd.
-Herregud, sa kona. -Det der kan bli skummelt for barnet vårt som kjem snart. -Du må passa på så du ikkje blir smitta, du som er ute blant så mykje folk.
Eg stakk gaffelen inn i ein potet.

onsdag 23. februar 2011

Kafè

Det summa rundt meg. Frå folk som sat rundt borda, med kaffekoppar og tebrød. Og travle menneske som hasta forbi kafèen med handleposar. Summinga sirkla rundt og rundt. Oppover og oppover mot taket høgt der oppe, i det svære kjøpesenteret.
Ein eldre mann med grå jakke og sixpence og ei eldre dame med pels sat ved det næraste bordet. Mannen prata mykje.
-Eg pratar visst litt for mykje eg, sa mannen.
-Å, neeida, sa dama. -Det gjer du nå ikkje.
-Men du må berre sei frå viss du synes at eg pratar for mykje, sa mannen.
-Å, jada, men neida, det er ingen problem. Det er berre koseleg at du pratar, sa dama.
-Men du må berre sei frå viss du synes det blir for mykje, sa mannen.

torsdag 30. desember 2010

Elektroniske ting

Det var ei anna side ved dette kjøpesenteret. Det hadde ei mengd med forretningar som selde elektroniske duppedingsar og ting. Og eg elska kvar einaste, vesle duppedings eg kunne sjå. Stadig var det noko eg fann ut at eg trengte. Anten ein ny duppedings. Eller noko til duppedingsen. Ein kabel eller noko anna. Eg hadde god tid. Bussen skulle ikkje dra før om ei stund. Så eg gjekk omkring og leita etter noko nytt til duppedingsen min. Forretningane skein og lyste mot meg. Nystrigla, unge menn med raude v-gensrar stod på rekke og rad og venta på å lura nokon.
Men det var endå ei anna side ved dette kjøpesenteret. Det var ein type menneske som ikkje hadde gjort forsøk på å omstilla seg til nye krav om fancy klede og hårfrisyrar. Det var alle dei pensjonerte, tidlegare bøndene som ikkje hadde anna lurt å gjera enn å gå på kjøpesenteret, dei òg. Breie og bestemte stod dei ved diskane, med gråe jakkar og sixpence på hovudet.
Eg fann ei forretning som kanskje hadde det eg leita etter. Men ein av desse pensjonistane stod i vegen.
-Men åssen skal jeg få tak i flere sånne kamerapiksler, da?
Eg såg kor det bar hen og snudde i døra. Gjekk vidare. Fann ei ny forretning. Og jammen stod det ikkje endå ein slik pensjonist med grå jakke ved disken.
-Men åssenee, åssenee...
Eg snudde igjen. Leita vidare etter ei ny forretning. Fann den omsider. Her måtte dei vel ha det eg leita etter...fan...her stod det ikkje berre ein, men tre slike pensjonistar. Den eine av dei hang med albogane godt planta over disken. Baken hans tok opp resten av plassen. Han såg litt på skrå opp og tenkte hardt.
-Breeeeebånd????? spurte han.
-Ja, det anbefaler eg. Det er lenge sidan me slutta å selgja isdn-apparat, svarte den unge butikkmannen med raud v-genser.
Augene mine byrja å leita etter ein kafè.

lørdag 25. desember 2010

Kjøpesenteret

Det var blitt mørkt då eg gjekk ut frå jobben. Den automatiske låsen til ytterdøra summa litt bak meg. Eg hadde ikkje heilt forstått dette låsesystemet. Men forstod i alle fall at nå var døra låst. Og at eg ikkje hadde klart å koma meg inn igjen dette døgeret. Eg såg opp. Kaldt småregn smådusja andletet mitt. Eg gjekk bortover ei gate. Tett med bilar. Dette var ikkje ein stor stad. Men det var alltid tett med bilar. Frå morgon til kveld. Bort til eit kjøpesenter. Inn. Til funklande lys, bakgrunnsmusikk, ei summing av stemmer. Vaksne som gjekk hastig fram og tilbake. Born som stod ved nokre dataspel. Ungdommar som hang omkring. Alle med fjonge klede. Stæsja hårfrisyrar. Unge og eldre jenter med glitrande makeup. Alt sikkert kjøpt på kjøpesenteret. Det virka som om dette kjøpesenteret var sjølve hjartet på denne staden. Eller kanskje ein slags pacemaker. Som haldt liv i noko nytt. Nye, fjonge klede. Nye ting å kjøpa. Det ana meg at denne staden måtte ha vore så annleis for berre nokre år sidan. Kanskje berre nokre bønder som surra på nokre jorde. Så måtte det ha skjedd noko brått og uventa. Som gjorde staden moderne med kjøpesenter og tett trafikk. Og menneske med siste nytt innan makeup, hårfrisyrar og fjonge klede. Det virka som om menneska streva med å tilpassa seg det nye livet. At dei gjorde det dei kunne for å ta avstand frå det gamle bondelivet. Og at metoden var å kjøpa mest mogleg på kortast mogleg tid på dette kjøpesenteret.

søndag 12. desember 2010

Jobb på kvelden

Eg hadde ringt heim. Spurt om det var greit at eg jobba litt lengre. Ho hadde akseptert det, men likte det ikkje. Ei vaskedame kom inn. Tørka litt støv her og der. Men unngjekk den rotete pulten min. Eg følte at eg etterkvart blei betre kjent med vaskedamene enn med dei andre på jobben.
Rommet var så stille på denne tida. Eg høyrde berre sus frå røyr og ein stille klang.
Det var vanskeleg dette. Å ha ein ny jobb. Alt det nye eg måtte setja meg inn i. Alt gjekk så mykje seinare. Samstundes som eg hadde eit intenst behov for å ha full oversikt. Ned til den minste detalj.
Eg prøvde å jobba. Det var så mykje ugjort som låg føre meg.

mandag 6. desember 2010

På jobben

Det banka på døra. Nokon sprang. Det var innkalling. Det hasta med å rekka. Førebuing. Sikring for å sikra at alt var godt nok førebudd. Bunkar med papir på pulten. Ut av kontoret. Nye rundar. Det banka på døra igjen. Kanskje på tide å rydda pulten. Papira flaut omkring. Det var så viktig å halda oversikten. Og rydding i papir kunne vera ein utveg. Kasta noko av det i søppelkorga. Legga anna inn i ein perm. Det banka på døra igjen. Ut igjen til ein ny runde. Papir under armen. Sikra at det var ein kulepenn i lomma. At nøklane var med. Og sikra at alt var best mogleg førebudd.
Så roa det seg litt ned. Med ny innkalling til møte. Nokon snakka. Andre høyrde på. Eller høyrde dei eigentleg på? Andlet som såg framfor seg på noko som ingen kunne festa seg ved. Alle ynskte seg heim. Men eg ynskte meg tilbake til kontoret. Ville jobba og jobba slik at eg blei godt nok førebudd.

lørdag 27. november 2010

Til jobben

Det var ein veg som viste det same kvar dag. Etter kort tid gjekk eg lei. Av det halvmørke landskapet. Av den store bussen med trøtte lydar. Og dei få folka som sat spredt, med trøtte andlet. Eg tok opp matpakken min frå sekken. Sparte tid på å eta frukosten på bussen. Brødskive med kvitost. Og ei flaske med vatn. Nokre av andleta snudde seg mot meg då eg togg på brødskiva.
Bussen stoppa litt her. Og litt der. Ein eldre mann lyste litt opp då han såg ei litt eldre kvinne. Han satte seg ved sida av henne. Eg prøvde å fanga opp kva dei snakka om.
-Eg tenkte at eg likså godt kunne la det skapet stå igjen, i tilfelle du fekk bruk for det, sa han.
-Ja, det er heilt greit det, sa ho.
-Men eg kan godt koma og henta det, viss du vil det, sa han.
-Neeeida, sa ho. -Det er ikkje nødvendig det. Eg kan godt få bruk for det, eg.
-Ja, men du må berre seia frå viss du vil at eg skal fjerna det. Eg kan jo køyra det på fyllinga, viss du vil, sa han.
-Å ja, men neeeida, sa ho. -Det er slett ikkje nødvendig. Eg er berre glad for at skapet står, eg, sa ho.
-Jaja, men du må berre seia frå, så kjem eg meg ein gong, sa han.
-Ja takk, men det er slett ikkje nødvendig, sa ho.
Det nærma seg avstigning. Eg passa nøye på å ha pakka resten av matpakken tilbake i sekken, så lukka den, yttertøyet på. Og så dra i snora. Det var litt ekstra nervepirrande om eg kom meg av bussen i rett tid, når jobben og bussen og staden var ny. Bussen pusta tungt og svinga irritert inn til sida. Den litt eldre mannen og kvinna kikka litt på meg då eg gjekk fram. Eg snudde meg mot bussjåføren og sa "ha det bra".

mandag 22. november 2010

Morgon

Det var mørkt ute og stille inne. Tidleg på morgonen. Radioen summa i bakgrunnen. Resten av huset sov. Eg stod med brødkniven og skar nokre brødskiver til ein matpakke.
På radioen fortalte dei om korleis været skulle bli. Og kor det var stengte vegar for trafikken. Mannen som fortalte om trafikken hadde eit litt bråkjekt tonefall. Musikk. Litt bråkjekk den òg. Frå 80-talet. Så var det siste nytt. Om ein familie som var blitt overfallen. Nokon hadde berre gått rett inn i huset og bunde alle fast. Foreldre og born. Og så samla saman det dei fann av verdisaker. Og så berre gått i frå dei. Slike nyhende var det nestan kvar dag. Om nokon som var blitt overfallen.
Ein stad langt der framme. Langt forbi skog og åsar. Låg ein kreftsvult av ein stor by. Som summa og koka. Der alt gale skjedde. Folk som stjal, rana og drap.
På ein måte kjende eg meg trygg i dette huset inne i skogen. Det var ikkje så lett å finna. Dersom nokre av dei frå den store byen skulle dra ut på tokt og leita etter eit offer. Så skulle det ein del til før dei fann oss.
Samstundes. Så kunne det vera ein ulempe å ligga slik til. Viss nokon først fann oss, så kunne det vera vanskeleg å søka hjelp, når me låg så øde til.
Ein gong tidlegare på sommaren hadde nokon kome på døra for å selgja noko. Mannen hadde eit lite skriv som han viste, som fortalte at han hadde det ganske fælt og trong pengar. Eg hadde svara fort at me diverre ikkje hadde kontantar og lukka døra. Kva om denne mannen berre rekognoserte og la igjen spor til desse bandane i den store byen?
Eg kledde på meg og gjekk ut. Nokre hundar ula i det fjerne. Akkompagnert av skogsklangen. Eg gjekk ned til hovudvegen. Bussen pusta og stoppa. Så blei eg frakta mot den nye jobben.

søndag 31. oktober 2010

Tid

Magen hennar hadde blitt større, ja. Rund og energisk. Heile henne strutta av energi. Eg fotograferte henne i profil. Tok fleire bilete etterkvart som magen vaks endå meir.
Eg såg ut. Hausten hadde kome endå lenger. Eg måtte gjera alt klart for vinteren. Og barnet.
Eg byrja å saga ved. Naboen hadde tilbudt meg å ta lauvtrær som stod omkring og hindra utsikten. Vel, dei hindra utsikten til andre tre som stod litt lenger unna.
Ein ting var i alle fall sikkert. Her var det nok av ved. Eg saga i veg. Trea ramla ned. Eg kvista. Bar kvisten i haugar. køyrde trestammane opp til huset. Kappa dei opp. Kløyvde. Det blei kaldare. Eg blei frustrert. Det gjekk for sakte. Det blei kaldare. Barnet kom snart. Og eg hadde for liten tid til å bli ferdig med denne veden.
Ho pusta tungt.
-Drit nå i den veden! Bry deg heller om denne her, sa ho og strauk seg over ein mage på størrelse med ein værballong.
"Det er lett for henne å sei", tenkte eg.
Eg såg ut. Det regna. Tunge, styrtande dråpar. Trestammane låg der ute og blei våte.
"Dette går til helvete", tenkte eg.

søndag 22. august 2010

Frøet

Eg såg ut over hagen. Eg undra meg over alt som kunne veksa der. Eg kjøpte små tre. Som skulle få fram epler. Pærer. Moreller. Eg gravde fleire hol. Satte små bringebærbuskar i dei. Gleda meg til at frukten skulle koma. Eg slo plenen. Sørga for at graset låg jamnhøgt over det heile. Hindra små vekster i å bli store. Viss eg ikkje gjorde det ofte, ville heile hagen bli overgrodd av lauvskog på kort tid. Ved innkjørselen luka eg bort ugras. Reiv opp små grastustar. Prøvde å få dei opp med rota. Naboen ga meg lov til å saga ned ein liten skog med lauvtrær nedanfor vegen. Det kunne bli fin ved for vinteren. Og naboen ville gjerne få trea vekk, sidan dei hindra utsikten. Det var rart. Så mykje styr. Ein evig kamp for å styra kva som skulle veksa kor og korleis. Og viss eg ikkje stod på, ville kampen vera tapt fort. Alt vaks og vaks nærare og nærare innpå. Eg plukka meir ugras ved innkjørselen. Men det hjalp så lite. Meir av ugraset vaks like fort opp. Det gjekk mot slutten av sommaren. Små frø i hopetal segla omkring. Kjempa for å spreia genene til modertrea. Det hang ei tjukk, våt lukt av råtne planter i lufta. Likevel berre vaks alt mogleg vidare.
-Kor har du vore, spurte kona mi.
-I skogen, svara eg.
-Heile sommaren, spurte ho.
Eg svara ikkje og plukka meir ugras.
-Du bryr deg ikkje om meg, sa ho.
-Det gjer eg vel, svara eg.
-Kan du ikkje gi meg og barnet i magen min litt meir merksemd?

søndag 15. august 2010

Urskogen

Same kor langt me hadde kome. Så skjøna eg at det var mogleg å gå endå lenger inn.
Naboen hadde helsa på oss ein av dei fyrste dagane me kom. Ynskt oss velkomen. Og fortalt oss at ein stad, langt der inne, var sjølve urskogen. Skogen som til alle tider hadde vore urørt av menneskehender. Ein stad der tiuren lokka. Ein stad der trea døydde ein naturleg død. Som ga eit enormt mangfald av liv.
Det var noko som lokka meg dit. Det var ein stad eg måtte koma før eller seinare.
Men me hadde kledd på oss etter en korte symjeturen i det kalde vatnet. Og tatt på vegen tilbake mot huset igjen. Turen til urskogen fekk venta. Til ein gong eg var klar for det.

søndag 1. august 2010

Djupare inn

Han, den bortkomne var med på turen. Det var ikkje så ofte eg såg han. Men denne gong var han med og traska innover. Han sa ikkje så mykje. Det gjorde ikkje eg heller.
Me gjekk oppover i terrenget. Prøvde å finna eit utsiktspunkt. Men uansett kor me gjekk, så såg me berre skog rundt oss. Skog og atter skog.
Me gjekk ned eit dalsøkk. Trea blei større og kraftigare. Me fann ei samling med steinar. Ein stad med eit skilt som viste at staden hadde eit namn. Her måtte det ha budd folk ein gong for lenge sidan. Eg byrja å sjå nyansar i skogen. Trea, fargane, lydane og lukta kunne endra seg etterkvart som me gjekk.
Me kom fram til eit lite tjern. Mosen gynga under beina våre. Me kasta oss uti det kalde vatnet.

tirsdag 27. juli 2010

Inne

Greinene lukka seg bak meg. Skogen stilna.
Eg gjekk oppover ei skråning. Fann ein sti som viste vegen innover. Stien under meg. Skogstaket over. Lufta var tjukk og varm. Eg kom fram til ein liten opning. Ein stad der tømmeret var hogd ned. Sola kom til og svei meg i andletet. Det såg ut som ein liten ørken. Daude og visne greiner låg på bakken. Men det var ikkje store utsikten. Nokre meter lengre framme stod ein ny, tett skog.
Ein fugl satte i nokre illevarslande skrik. Varsla alle andre om at eg var der inne. Det gjorde berre alt endå meir tett og anspent. Som om heile skogen haldt pusten.

lørdag 21. november 2009

Våren og skogen


Så var det å skjæra opp esker. Lesa i bruksanvisningar. Skru. Skru og skru. Det var så endelaust. Digre, upakka esker låg og venta på å bli opna slik at innhaldet kunne velta ut og bli skrudd. Bruksanvisningane var så irriterande perfekte. Talet på skruar var så irriterande nøyaktig.
Så skrudde eg vidare. Det gjekk ein vinter. Det kom ein vår. Nokre fuglar sang utanfor. Nokre solstråler leika med håret mitt. Alle skruane var på plass. Dei tomme eskene var brent opp. Eg gjekk ut. Fuglane tok i litt ekstra. Ynskte meg velkomen ved å synga ein liten hymne. Hagen låg grågrøn. Klar til å venda tilbake til livet. Sola varma meg. Og der. Like ovanfor huset kalla den for fyrste gong. Skogen. Det susa litt i den. Nokre fuglar lokka. Eg gjekk nokre prøvande steg. Litt og litt nærare. Så var eg inne i den.

lørdag 14. november 2009

Nye ting




Huset var tomt. Det var rett nok fullt av esker. Men det var tomt. Alt ein moderne familie måtte ha for å overleva. Det var ikkje der. Ikkje ein matbit. Ingen elektriske apparat. Ikkje ein stol å sitja på. Ikkje ei seng å sova i. Huset var eit tomt skal, der me ikkje ville overleva lenge.
Det var seint ettermiddag. Det hadde blitt mørkt. Og tåkete. Bilar kom imot med skarpe ljos. Eg streva med å sjå kor eg køyrde. Bilen og tilhengaren var tømt og var på vegen igjen. For å bli fyllt opp igjen. Me kom inn på ein diger motorveg. Alt blei større og større. Og raskare. Det var inn mot den store byen. Den største av dei alle. Me svinga av på halvvegen. Leita oss fram til den største bygningen eg nokon gong hadde sett. Det var kø. Det var så masse bilar overalt. Og folk. Og kjensla av å ikkje vita heilt kva me gjorde. Me snirkla oss framover i køen. Nestan ingen fann ein ledig parkeringsplass. Og for oss med tilhengar var det endå verre.
-Kan du ikkje berre finna ein ledig plass snart, spurte ho.
-Ti nå still, svara eg.
-Men så stopp nå vel her då, sa ho.
Så stoppa eg der.
Me kom inn i den enorme bygningen. Gud, hjelpe så mykje folk. Gravide kvinner og gravide menn. Alle slags folkeslag. Alle med handlevogner og stressa auge. Som gjekk i kø. Det var tydeleg. At denne bygningen var den ultimate testen for eitkvart samliv. Eg skyvde vogna framfor meg.
-Dette må me ha, sa ho. -Og dette.
Det var eit system. Men eg skjøna det ikkje. Det var nokre nummer. Me måtte bestilla nokre nummer. Men kor i helvete var dei nummera? Det var ein informasjonsskranke. Og det var ein kø framfor den. Det gjekk så pokkers seint. Det var sure andlet overalt.
-Eg er sliten, sa ho.
-Ja! Svara eg.
Det var min tur. Den unge jenta bak skranken stirra ekstra lenge på dataskjermen sin, innan ho vifta blikket sitt mot meg. Knokane mine var kvite av å halda på handlevogna.
-Eg må ha nokre nummer, sa eg.
-Her har du gjort heilt feil, sa ho. -Når du gjer ein slik feil, så blir det ditt problem som du må finna ut av sjølv.
-Men me har reist langt, og det er seint og eg er sliten, og me må ha ei seng, sa eg.
Ho pusta oppgitt.
-Prøv den køen der, sa ho og peika. Bak meg stod eit utolmodig, ungt og nyetablert par med gravide magar. Ho dirrigerte paret fram med blikket sitt. Eg snudde den tunge handlevogna mot den andre køen.
-Kan du ikkje skunda deg, sa ho.
Jo! sa eg.
Me hamna inn i ein hall. Varene stod stabla i fleire kilometer høge reolar. Eg hadde skreve mange nummer på ein lapp. Eg leita mellom radene etter nummera. Eg bladde i mange samankrølla papir. Eg løfta på varer. Handlevogna sklei unna. -Kan du halda vogna, sa eg. -Eg har vondt i beina, sa ho. -Men hald nå vogna, sa eg. Men vogna var for lita. Det var ikkje plass til alle varene. -Men kor fan er dette nummeret då, spurte eg. -Det er jo i den andre hallen, sa ho. -Men kvifor har dei eit slikt helvetes system, sa eg. -Ta det med ro, sa ho. -Eg tar det med ro når eg sjølv vil ta det med ro, sa eg. Me kom fram til rekkjer på rekkjer med køar, så langt auga kunne sjå. Eg leita etter den kortaste. -Men så gå nå berre der, sa ho. -Klapp igjen, sa eg. Me kom fram til kassa. Eg løfta på varer. Esker. Små og store ting. Det var så mykje. Det kom til å kosta mykje. Måtte me verkeleg ha alt dette her? -Du har nå aldri skjøna kva me eigentleg må ha, sa ho. Jenta i kassa haldt eit apparat mot varene. Det sa bip og det sa bip. Igjen og igjen. Og eg tenkte at herregud, dette kom til å bli dyrt. Eg tok fram visakortet. Men den utløysande lyden kom ikkje. Jenta bak kassa såg på dataskjermen sin. -De har ikkje nok pengar, sa ho. -Kva, sa eg. -Men me skal jo ha nok. Det stod mange bak oss som stirra på oss. Jenta måtte ta ein telefon, og så sa ho at ho hadde nokon som ikkje hadde nok pengar. Og så sa ho at me måtte ta bort nokre varer, og så måtte me stilla oss i ein ny kø. Eg drog to handlevogner ut på parkeringsplassen. Så fann eg bilen med tilhengaren.
-Du må ikkje berre gå i frå varene slik, sa ho. -Her er det folk som stjel frå slike godtruande typar som deg. Eg svara ikkje. Men lempa varene inn i tilhengaren. Kassar og esker. Blomevasar og telys. -Ver forsiktig, sa ho.
Me satte oss inn i bilen. Eg venta med å starta motoren. Ville få med meg det stille inne i bilen. Kjenna litt på om bilen kunne verna oss litt frå støyen der ute på parkeringsplassen.
Eg slo handflata i rattet.
-Satan i helvete! Dette gjer me aldri, aldri igjen, sa eg.
Ho såg bort på meg.
-Slapp av, sa ho. -Nå har me jo ei seng.
Så strakk ho fram ei hand og strauk meg over kinnet.

lørdag 12. september 2009

Huset


Me helsa på ein smilande mann. Han som skulle selgja huset til oss. Han haldt armen inn mot den opne døra. Inviterte oss inn. Der inne var det allereie stabla eit lass med flytteesker, som var transportert i førvegen. Han viste oss rundt. Forklarte oss det eine og andre.
Eg såg rundt meg. På lyse vegger. Ettermiddagsmørket som ei ensleg lyspære ikkje klarte fortrengja. Eg gjekk utanfor til den kjølege lufta. Til tung, våt snø. Det stod nokre lykter ute i hagen. Som fekk nokre snøfnugg til å skina når dei dala ned. Der var det nokre prydbuskar. Det var så stille. Berre klangen av litt hundeglam langt borte i skogen ein stad. Huset stod nestan åleine inne i skogen. Det var noko trygt ved at det låg slik. Bortgøymd og fredeleg. Det var ikkje det at huset var så spesielt. "Pent" var det beste ordet eg kunne koma på. Her og der var det brukt moderne snarvegar. Eg såg eit og anna eg gjerne kunne tenkja meg annleis. Men når me først måtte flytta. Så kunne me like gjerne flytta hit. Eg kjende på meg at me nok kom til bli vener. Huset og eg.
Selgjaren ga oss nøklane. Tok oss i hendene. Takka for handelen. Så drog han.
Eg satte meg på ei eske. Ho såg på meg. Smilte. Gjekk bort til meg. Klemte hovudet inn mot magen sin. Det gjorde godt for hovudet mitt. Å endeleg få kvila slik inn mot den varme og mjuke magen hennar.

torsdag 3. september 2009

Huset i skogen

Me svinga til slutt av. Klarte å slita oss laus frå trailarar, salt og søle. På denne vegen til Helvete.
Historia vår kunne ha blitt ganske annleis om me hadde fortsatt på den vegen. Men det var ikkje dit me skulle.
Vegen blei smalare og meir svingete. Trafikken ikkje så tett. Me steig oppover i terrenget. Det byrja å mørkna igjen. Me var slitne. Leita etter ein stad å overnatta. Men dette området var øde. Skilt med overnatting var malt over. Stengt. Så køyrde me vidare. I mørk, tett skog. Ingen menneske. Ingen andre bilar. Kanskje dei alle hadde tatt inn på den store vegen.
-Eg må få ein stad å sova snart, sa ho. -Du må finna noko.
Eg køyrde vidare. Men desto lenger eg køyrde, desto tettare blei skogen. Mørket blei svartare. Me sveva i eit ingenmannsland.
Men så. Ein stad der framme var det noko lys. Og så opna det seg. Ein diger treokse stod der, staut og rank og ynskte oss velkomen. Det var natt og ingen folk i gatene. Me svinga rundt omkring og leita. Så fann me Hotell Oksen.
Det var merkeleg stille i bilen då eg slo av motoren. Eg kunne høyra pusten min. Og hennar.
-Du må bæra bagasjen, sa ho. Eg klarer ikkje.
Ein søvnig resepsjonist skulle akkurat til å stenga. Men dei hadde eit rom. Det var støvete og slitt. Men det var eit rom.
Neste dag kunne me sjå kva som gøymde seg bak mørket. Små, raude og velstelte hus. Fine hagar. Sola skein i snøen. Me hadde fått nye krefter. Eg ga gass.
Me køyrde ut av landet og inn i vårt eige. Me nærma oss. Vegen var holete og ekstra smal. Men nå nærma det seg. Me svinga inn på ein grusveg. Innover ein skog. Og der stod det nestan einsamt. Huset i skogen.

søndag 30. august 2009

Demonske trailararar

Ein mann sprang omkring i restauranten med ein cd. Han fann nokon frå betjeninga, forklarte og gestikulerte. Like etter ljoma "Gratulerer med dagen" ut på eit framandt språk. Nestan alle i restauranten byrja å synga med. Mannen gjekk bortover med ei kake med lys på, og bort til ein liten gut. Guten smilte. Folk jubla. Mannen med cd og kake var stadig like energisk.
Heile hotellet var fullt av dette folket som kom langvegsfrå. Dei kom frå eit land ein stad i sør. Dei hadde reist så langt nord dei kunne. Ville sjå korleis det såg ut. Dei valsa inn og ut i tjukke skuterdressar og hjelmar, etter ein skutersafari ute i villmarka. Og dei snakka høgt og mykje. I kontrast til den stille betjeninga, med det meir arktiske lynnet. Og i kontrast til oss to, som var trøytte og svoltne.
Alt var i grunn rart for oss. Å koma inn i det nye landet med det stille folket. Som serverte mat til det energiske folket.
Så ljoma "Gratulerer med dagen" igjen. På det framande språket.
Og innan me hadde byrja på desserten, kom den endå ein gong. Mannen med cd og kaker hoppa og spratt omkring. Alle ropa og var glade. Det var så mange av dei at tre menneske i flokken kunne ha geburtsdag samstundes. Betjeninga stod ved veggane og var like tause.

Neste morgon.
Lufta utanfor hotellet var innlandskald og bitande. Lett snø dalte sakte ned. Bilen hadde varma seg heile natta ved hjelp av ein motorvarmar. Eg såg at bilen var baktung, der den stod overfylt og med tilhengar. Eg flytta nokre av dei tyngste sakene og klarte å balansera vekta sånn nokonlunde.
Bilen starta kvikk og nøgd. Snøen knirka under bildekka då me kom i rørsle. Så var me ute på vegen igjen. Kom inn i det jamne tempoet, mil etter mil.
Me hadde ikkje kjent etter. Korleis det var å flytta. Alt ståket. Seia opp jobben. Finna nye jobbar. Sal av gard og grunn. Kjøp av noko nytt. Bera og bera på saker som skulle flyttast. Og så kom dagen då alt var klart. Då me sleit oss laus og berre køyrde. Me flytta. Ikkje fordi me ville. Men fordi me måtte. Det hadde vore ein avskjedsmiddag kvelden før. Nokre av venene våre hadde stelt det i stand. Tidleg på kvelden takke me for oss. Prøvde å gjera avskjeden så kort som mogleg. Me starta lengst oppe i nord. Og køyrde langt mot sør. Mil etter mil drog me lenger og lenger bort. Men me kjende ikkje etter.
Ein trailer svinga ut like framfor oss. Hadde eit digert lass med tømmer på hengaren. Det virvla opp store mengder med snø bak den, slik at sikten blei dårleg. Eg våga ikkje å køyra forbi. Sakka ned på farten. Me drog ut av det framande landet. Og inn i eit nytt og nestan like framandt. Vegen blei breiare. Trafikken tettare. Men traileren var der like forbaska framfor oss, i time etter time. Som ein demon leda den vegen me ikkje kunne koma unna.
Det mørkna. Og det slo om til mildvær. Vegen var salta. Svart snø, salt og eksos klistra seg på frontruta. Vindaugsviskarane og spylevæska jobba energisk og prøvde febrilsk å fjerna det. Det stinka i bilen vår. Av svart snø, eksos og spylevæske. Fleire trailarar dukka opp på vegen framfor oss. Alle var like svære. Alle køyrde like seint. Og alle virvla opp like mykje søle og skitt. Ho var stille der ho sat ved sida mi. Strauk seg litt over magen av og til. Ryggen min verka. Augene svei. Eg såg ikkje kor vegen bar. Men det var ingenting anna å gjera enn å følgja trailarane vidare på vegen sørover.

tirsdag 4. august 2009

Reise

Så køyrde me. Utan å sjå oss tilbake. Utan å kjenna etter. Svinga til venstre. Og køyrde. Lenger og lenger vekk.
-Eg synes eg kjenner eit spark, sa ho.
Eg kikka i spegelen. Den grå fjorden der bak var allereie borte. Snøføyk virvla opp bak tilhengaren på bilen. Motoren summa jamnt. Dekka buldra over ein og annan issvull. Det var grått og overskya. Ljoset viste at det var sein vinter og ettermiddag. Eg såg framover, slik eg burde gjera. Lier med snø og spredt fjellbjørk. Ei islagt elv som snoa seg gjennom landskapet.
Ein stad der framme blinka det. Eg sakka på farten. Vegen var sperra av to redningsbilar. Ute i grøfta låg ein trailer. Redningsbilane prøvde å dra den opp, men klarte det ikkje. Det stansa fleire bilar bak oss. Ei kvinne gjekk fram og gjorde teikn til at eg skulle rulla ned vindauget.
-Det er nok glatt her, sa ho.
-Jo, sa eg.
Det var slik dei gjorde her. Snakka med framande som om me var gamle kjente.
-Dette kan ta tid. Eg trur eg vil snu og køyra den andre vegen.
Ho nikka og gjekk tilbake. Starta bilen og snudde. Eg kunne sjå at ho var ein røynd sjåfør. Men eg ville venta og sjå. Kanskje dei i redningsbilane tok ein pause snart og slapp oss forbi. To tynnkledde unge gutar gjekk ut av ein buss og fram ved sida av bilen vår. Dei gjekk eit skritt. Og så eit kort og prøvande. Og så eit lite skritt til slik at dei stod framfor bilen vår. Dei smilte til kvarandre. Hadde sikkert fått beskjed om å ikkje gå lenger. Og så gjorde dei det. Gjennomførte sin eigen, vesle protest mot autoritetane.
Det byrja å skje noko. Wairane blei løsna. Svart røyk spydde ut frå redningsbilane då dei ga gass. Så flytta dei seg. Slapp oss forbi.
Det byrja å mørkna. Me kryssa ei bru. Og brått fann me oss utanfor landet. Og inne i eit nytt. Til meir snø. Og endå meir skog.
Ho såg ned på magen. Smilte. Såg bort på meg.
-Kan me ikkje berre stansa for kvelden? Eg er sliten.
Eg såg på klokka. Sju. Men ei kvinne måtte lydast i ein situasjon som denne. Me kom ut av skogen og til ein tettstad. Eg blinka inn til eit hotell. Fann ein stad der det var plass til både bilen og tilhengaren. Skrudde av motoren. Opna døra og gjekk svimmel ut. Kjende den kalde innlandslufta.