Viser innlegg med etiketten skogen. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skogen. Vis alle innlegg

søndag 2. juli 2017

Venterommet


Nokon sat og såg framfor seg med eit tomt, alvorleg blikk. Nokon hadde andletet vendt ned i eit gammalt vekeblad. Ein unge sat på fanget til mora si og skreik. Mora rugga barnet og hadde det same tomme, alvorlege blikket. Ein gammal mann hosta utan stans ned i armen sin.

lørdag 22. april 2017

Solklem


Eg lirka ryggvirvlane på plass, ein etter ein. Klarte å kravla meg ut av sofaen. Kveldssola prøvde å sprengje seg inn i stova. Eg skugga handa for andletet og gjekk ut på kjøkenet.
Ho stod med ryggen til ved kjøkenvasken. Haldt i ein tallerk.

lørdag 7. januar 2017

Skuggeangrep


Kveldssola skar inn gjennom vindauget. Laga lange skuggar langs veggane. Eg låg på sofaen og såg nyhenda på fjernsyn. Bombene small der borte ein stad. Nokre born sprang gjennom støvete gater og skreik.
Eg høyrde tunge skritt opp trappa. Kona hadde lagt den vesle. Ho gjekk bort til middagsbordet. Lyden av tallerkar, gaflar og knivar som blei samla saman.

lørdag 29. oktober 2016

Ved middagsbordet


Ettermiddagssola blinka mellom trea. Skuldrene verka av den tunge ryggsekken. Eg pusta over sykkelen på den harde landevegen. Ein bil kom bak og pressa seg mellom meg og ein møtande bil.

torsdag 6. oktober 2016

Utanfor jobben


Eg sleit meg ut av kontoret og ut av jobben. Eg såg opp. Blått. Vårleg ettermiddag.
-Jaja, du syklar i dag òg.
Eg snudde meg. Kollegaen kom ut døra og smilte.