-Oooooooooooooooooooohhhhhhh........
Handa hennar hang fastlåst i handtaket på bilen. Kroppen hannar halvvegs sat, halvvegs låg i setet.
Vegen var mørk. Bilen summa jamnt.
Innimellom ulinga var det berre denne jamne summinga som kunne høyrast. Skulle eg køyra over fartsgrensa for å koma raskare fram til sjukehuset? Eller kunne det bli farleg? Kva om me kolliderte? Men kva om ungen plompa ut i bilen?
-Ooooooooooooooooooohhhhh......
Eg bestemte meg for å berre halda fartsgrensa. Såg konsentrert inn i mørket. Svart skog rundt oss over alt. Svart skog og svart mørke. Ingen elg måtte koma ut i vegen for oss nå. Ingen landevegsrøvarar. Ingen snikande sjukdomar. Ingenting måtte stå i vegen.
-Oooooooooooooohhhh....
Jo. Det måtte nok vera vondt for henne dette. Ingen tvil om det. Så vondt at me menn ikkje kunne forestilla oss kor vondt det var. Visstnok. Og nå kom ulinga tettare og tettare.
Eg svinga opp til sjukehuet. Pokker. Kor var det eg skulle køyra? Eg stansa bilen. Fomla med mobiltelefonen.
-Kva er det du gjer, spurte ho, innimellom hyperventilering og stønning.
Kor var det telefonnummeret? Så fann eg, stotra fram eit spørsmål, leita meg til ei dør. Nokre kvitkledde sjukesøstre kom ut med ei trilleseng. Kona mi stavra seg oppi. Så trilla dei innover.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar