søndag 11. september 2016

Utanfor klienten


Eg kjende små stråler av varme frå vårsola der utanfor. Fuglar som sang. Eg meiner det var den lyden eg høyrde. Eg skreiv litt meir på datamaskinen min medan ho snakka.

Eg reiste meg. -Eg skal undersøke saka di litt meir, så kjem me tilbake til dette litt seinare, sa eg.
Ho reiste seg og tok meg i handa.
Eg opna døra til møterommet og viste henne vegen ut. Eg gjekk tilbake til kontoret mitt og plugga i datamaskinen.
-Korleis gjekk det, spurte mellomsjefen i døra.
-Bra, sa eg.
-Kan du levere ein rapport til meg før du er ferdig i dag?
Eg nikka. Han dunka to gonger med peikefinger og langfinger på dørkarmen, snudde og gjekk.
Eg såg på dokumentet. "Ikkje så greitt", leste eg. "Vanskar i heimen". "Økonomi".... Pokker! Eg hadde gløymt å skriva namn og nummer! Eg såg rundt meg. Kvinna var gått. Mellomsjefen sat vel inne på sitt eige kontor, opptatt med nye saker. Eg lagra dokumentet i ei mappe som eg kalla "Vanskelege saker".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar