søndag 15. august 2010

Urskogen

Same kor langt me hadde kome. Så skjøna eg at det var mogleg å gå endå lenger inn.
Naboen hadde helsa på oss ein av dei fyrste dagane me kom. Ynskt oss velkomen. Og fortalt oss at ein stad, langt der inne, var sjølve urskogen.
Skogen som til alle tider hadde vore urørt av menneskehender. Ein stad der tiuren lokka. Ein stad der trea døydde ein naturleg død. Som ga eit enormt mangfald av liv.
Det var noko som lokka meg dit. Det var ein stad eg måtte koma før eller seinare.
Men me hadde kledd på oss etter en korte symjeturen i det kalde vatnet. Og tatt på vegen tilbake mot huset igjen. Turen til urskogen fekk venta. Til ein gong eg var klar for det.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar