lørdag 18. juni 2011

Morgonsjokk


Eg sveva med lange hopp over den mjuke mosen. Laga små piruettar. Tok lett sats og flaut oppover langs furustammen.
Så kom eit brått og uventa skrik.
Det skar tvers igjennom. Overkroppen min kasta seg nitti grader opp i senga. Eg såg på klokka. Fem. Kona mi låg med ryggen til og sov. Det var visst min tur å stå opp. Hugsar ikkje heilt.
Det kom nye, skjærande skrik frå naborommet. Meir utolmodige og kommanderande denne gongen. Eg treiv beina ned på golvet. Fann nokre klede. Men ikkje sokkane. Det blei stille inne på barnerommet då lyden av dei bare føtene mine klaska mot det kalde golvet i gangen. Eg opna døra til rommet.
-Eeeeeiiiii!!!
Ein blid gut på over året stod i sprinkelsenga med smokken på snei. Han løfta armane i været for å koma opp. Eg kjende den mjuke, varme pyjamaskroppen mot min. Eine armen hans haldt rundt skuldra mi. Beina hans hang rundt magen og ryggen. Den gode lukta av det mjuke håret hans. Han såg forventningsfull rundt seg medan me gjekk opp trappa til stova. Eg snubla bort til fjernsynet. Det einaste dei kunne tilby var norske, gudsforlatte og harry musikkvideoar av danseband. Den same musikken kvar einaste morgon. Men sjefen, med vidopne auge, satte seg nøgd i sofaen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar