lørdag 14. november 2015

Retrett


Akkurat i det to av fingrane mine var på veg inn i munnen hans. Så skunda han seg til. Å svelgja. 
-Nei, ropte eg. -Nei, nei, nei!

Eg såg rundt meg. Kva skulle eg gjera? -Fan, fan, fan! Eg burde stikka fingrane ned i halsen hans. Få han til å spy. Få den soppen opp igjen. Det burde eg gjera. Fortast mogleg. Før kroppen hans byrja å fordøya det heile. Det burde eg gjera.
Eg såg ned på han. Han smilte opp mot meg.
Og eg klarte berre ikkje å gjera noko slikt. Klarte det berre ikkje.
Kva slags sopp var det han åt, eigentleg? Var det den? Eller den? Nei, det måtte vera den. Ja, det var den. Eg plukka opp eit par eksemplarar og sprang bort til ein stubbe. Fant fort fram mobiltelefonen og tok eit bilete av den. Han kom etter. Greip etter soppen. -Ikkje rør den soppen, skreik eg til han. Det var første gong eg skreik til han slik. Andletet hans vrei seg over i noko forskrekka og undrande. Uff. Det var første gong han høyrde faren sin slik. "Giftsentralen". Er det ikkje noko som heiter det? Eg opna internett på telefonen. Hadde eg ikkje eit abonnement for mobilt internett? Jo, eg meinte at eg hadde det. Men eg hadde ikkje noko internettdekning her. Ikkje noko dekning til å ringa heller. Eller å senda sms. Ingenting. Eg måtte finna ein høgde. Gå vestover mot der det var folk. Pokker at eg hadde gått så langt inn i denne skogen. Nå måtte eg ut. Eller i alle fall dra opp mot den høgaste høgden. Ein stad mot vest.
Eg kasta han opp i meisen. Satte han fast. Opp på ryggen. Så gjekk eg med raske steg bortover ein sti.
-Åi-åi-åi, sa han i takt med stega.
-Åi-åi, svarte eg.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar