lørdag 7. januar 2017

Skuggeangrep


Kveldssola skar inn gjennom vindauget. Laga lange skuggar langs veggane. Eg låg på sofaen og såg nyhenda på fjernsyn. Bombene small der borte ein stad. Nokre born sprang gjennom støvete gater og skreik.
Eg høyrde tunge skritt opp trappa. Kona hadde lagt den vesle. Ho gjekk bort til middagsbordet. Lyden av tallerkar, gaflar og knivar som blei samla saman.


Værmannen på fjernsyn sa at det framleis kom til å bli varme dagar.
Eg merka at kona stod og såg på meg. Andletet hennar varsla noko urovekkande.
-Du kunne godt ha hjulpe meg meir med husarbeidet, sa ho.
Eg snudde meg. -Eg er sliten, sa eg.
-Det er eg òg, svarte ho.
Ho gjekk bort og skrudde av fjernsynet. Værmannen blei avbroten midt i ordet "langtidsvarselet". Ho snudde seg mot meg.
-Kvifor er du eigentleg så lenge på jobb, spurte ho.
-Det har eg jo sagt, det er mykje å gjere der, svarte eg.
-Sikker på det? Det er ikkje noko anna, då?
-Hm? Kva då?
Eg låg på ryggen på sofaen og kjende meg forsvarslaus. Ute av stand til å forsvare meg, dersom det skulle koma eit angrep. Og det kom.
-Er det nokon annan?
-Nokon annan?
-Har du ei anna kvinne på si, sidan du er så mykje borte på jobb?
-Hæ? Tullar du?
-Nei, slikt tullar eg ikkje med.
Ho stod med hendene på hoftene. Ho stirra på meg, der eg låg. Augene hennar leita etter ein kvar moglegheit til å trenga inn.
Eg sukka tungt.
-Kvifor skulle eg det? Kva er det som gir deg ein slik ide?
Ho såg lenge på meg med eit fast blikk. Med eitt kobla ho av grepet. Vende blikket vekk. Pusta ut. Det kom minst like overraskande som angrepet. Og fekk meg til å synka saman.
-Nei, eg veit ikkje, sa ho. -Eg er berre veldig sliten for tida. Kjenner meg sårbar. Kanskje eg berre går og innbiller meg ting. Eg ser så lite til deg. Og du verkar så fjern av og til. Men eg kunne verkeleg trenge meir hjelp til husarbeidet.
Eg låg utmatta på sofaen og såg opp på henne. Ho hadde fått eit rolegare, meir tenkande blikk. Så snudde ho og gjekk tilbake mot kjøkenet.
Eg vende hovudet mot den svarte fjernsynsskjermen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar