Det banka på døra. Nokon sprang. Det var innkalling. Det hasta med å rekka. Førebuing. Sikring for å sikra at alt var godt nok førebudd. Bunkar med papir på pulten. Ut av kontoret. Nye rundar. Det banka på døra igjen.
Kanskje på tide å rydda pulten. Papira flaut omkring. Det var så viktig å halda oversikten. Og rydding i papir kunne vera ein utveg. Kasta noko av det i søppelkorga. Legga anna inn i ein perm. Det banka på døra igjen. Ut igjen til ein ny runde. Papir under armen. Sikra at det var ein kulepenn i lomma. At nøklane var med. Og sikra at alt var best mogleg førebudd.
Så roa det seg litt ned. Med ny innkalling til møte. Nokon snakka. Andre høyrde på. Eller høyrde dei eigentleg på? Andlet som såg framfor seg på noko som ingen kunne festa seg ved. Alle ynskte seg heim. Men eg ynskte meg tilbake til kontoret. Ville jobba og jobba slik at eg blei godt nok førebudd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar