Så var det å skjæra opp esker. Lesa i bruksanvisningar. Skru. Skru og skru. Det var så endelaust. Digre, upakka esker låg og venta på å bli opna slik at innhaldet kunne velta ut og bli skrudd.
Bruksanvisningane var så irriterande perfekte. Talet på skruar var så irriterande nøyaktig.
Så skrudde eg vidare. Det gjekk ein vinter. Det kom ein vår. Nokre fuglar sang utanfor. Nokre solstråler leika med håret mitt. Alle skruane var på plass. Dei tomme eskene var brent opp. Eg gjekk ut. Fuglane tok i litt ekstra. Ynskte meg velkomen ved å synga ein liten hymne. Hagen låg grågrøn. Klar til å venda tilbake til livet. Sola varma meg. Og der. Like ovanfor huset kalla den for fyrste gong. Skogen. Det susa litt i den. Nokre fuglar lokka. Eg gjekk nokre prøvande steg. Litt og litt nærare. Så var eg inne i den.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar